Hopp til innhald

Fagstoff

Etisk dilemma

Kva er eit etisk dilemma? Eit etisk dilemma er ein situasjon som er merkt av tvil og rådville. Her skal du øve deg i å ta stilling til etiske dilemma.
Jente sett bakanfrå står mellom to vegar som fører kvar sin veg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etiske valsituasjonar og dilemma

Eit dilemma er eit val mellom to like utrivelege løysingar, ei knipe.

Vi står overfor eit etisk dilemma

  • når ulike verdiar er i konflikt med kvarandre
  • når det som er rett for éin, er gale for ein annan
  • når alle tenkjelege løysingar har minussider

Når du står overfor eit etisk dilemma, må du spørje deg sjølv:

  • Kva skal eg leggje mest vekt på?
  • Skal eg gjere mi plikt og følgje skrivne og uskrivne lover og reglar?
  • Skal eg velje den løysinga som gir minst dårlege følgjer for meg sjølv og andre?

Ein pliktetikar meiner at menneskeverd og respekt står over omsynet til følgjene av handlingane våre. Ein konsekvensetikar vil setje utfallet (det gode) framfor handlemåten (det rette).

Etikk krev øving

For å finne ut om ei avgjerd er etisk forsvarleg, kan vi stille oss nokre kontrollspørsmål:

  • Er det lovleg?
  • Er det i samsvar med verdiane våre?
  • Er det rett?
  • Beheld vi truverdet vårt?
  • Lønner det seg?
  • Lèt det seg forsvare?

Eit nøkkelspørsmål for å kontrollere vala våre er dette: Toler handlingane dagslys? Måten å tenkje på, og standpunktet vårt, heng også saman med kva slags type etikk vi legg til grunn – pliktetikk eller konsekvensetikk.

Drøft desse spørsmåla:

  • Er det greitt å jukse til eksamen dersom det er liten sjanse for å bli oppdaga?
  • Er det greitt å snyte på skatten?
  • Er det greitt å bryte fartsgrensa i visse situasjonar?
  • Ein klassekamerat skulkar nokre skuletimar og ber deg lyge for læraren. Kva gjer du?

Det er ikkje viktig at de blir samde om eit svar, men at de øver dykk i etisk tenking.

Tenk over om du vil grunngi svara ut frå pliktetikk eller konsekvensetikk.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 21.03.2018

Læringsressursar

Etikk i arbeidet