Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er etikk?

Etikk dreier seg om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer. Etikk handlar om forhold mellom menneske, om vi er flinke til å stimulere og akseptere kvarandre, hjelpe og støtte kvarandre og vise omsorg.
Falske Gucci vesker på eit marked. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er rett, og kva er gale?

Kva er gode og dårlege handlingar? Dette er sentrale etiske spørsmål.

Etikken gir oss rammer til å tenkje gjennom kva vi legg vekt på når vi skal gjennomføre val. Kva er viktigast: handlinga eller resultatet av handlinga?

Verdiar

Verdiar kan handle om pengar og materielle ting, fridom, tryggleik, helse, tilhøyrsel, menneskeverd og vilkår for sjølvrealisering.

Når vi står overfor konkrete val, verkar verdiane som ei rettesnor for å finne ut kva alternativ som er best. Det gjeld anten det dreier seg om dei store spørsmåla i tilværet eller små, kvardagslege spørsmål.

Tenk over

Kva for verdiar er viktige for deg? Ta utgangspunkt i punkta nedanfor og reflekter over kva verdier som er aller viktigast for deg. Diskuter gjerne i grupper.

  1. vere ansvarleg
  2. ha pengar og materielle ting
  3. ikkje jukse
  4. ikkje diskriminere menneske
  5. vere hjelpsam
  6. vere lovlydig
  7. lytte til andre menneske
  8. vere omtenksam
  9. vere pliktoppfyllande
  10. vere rettvis
  11. vere trufast mot venner
  12. vere ærleg

Kvardagssituasjonar

Pirate Bay på ein dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan ikkje unngå å komme opp i situasjonar som er etisk utfordrande: juks på skulen, rettferdig handel, kjøp og sal av piratkopiar, sosial dumping, varsling om ulovlege tilhøve.

Døme

I lagidrett er det dommaren som dømmer. Ein norsk landslagsspelar i fotball fekk for nokre år sidan godkjent ei skåring på klubblaget sitt, trass i at ballen ikkje var i mål. Fotballspelaren gjekk til dommaren og ba han annullere skåringa. Målet blei annullert.

Relatert innhald

Kva for etiske problemstillingar meldar seg i løpet av ein kvardag? Ta utgangspunkt i ein kvardagssituasjon og lag eit rollespel.

Kva er viktige verdiar for deg? Ta utgangspunkt i verdiane som er lista opp i oppgåva, og reflekter over kva for verdiar som er aller viktigast for deg.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Etikk