Hopp til innhald

Fagstoff

Frå Tromsø til Roskilde

Når vi har bestemt oss for å reise til ein destinasjon, prøver vi først å identifisere moglege reiseruter. Deretter vurderer vi dei opp mot den økonomiske ramma og tida vi har til rådvelde. Her følgjer eit døme.
Roskildefestivalen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå Tromsø til Roskilde

Ein vennegjeng frå Tromsø planlegg å vere med på Roskilde-festivalen i Danmark. Festivalen går av stabelen kvart år frå torsdag til søndag i månadsskiftet juni–juli.

Dei sjekkar på kartet og finn ut at Roskilde ligg om lag 3 mil frå København. For å kome fram til reisemålet står dei overfor fleire transportalternativ. Dei har ikkje så mykje tid til disposisjon, og budsjettet for reisa er stramt. Samstundes ønskjer dei å reise så miljøvennleg som råd. Det gjer at dei bestemmer seg for å reise kollektivt.

På grunn av den lange avstanden mellom Tromsø og Oslo vurderer dei fly som einaste alternativet på denne strekninga. Mellom Oslo og København har dei fleire alternativ å velje mellom. Frå København til Roskilde er tog det beste alternativet.

Dei har dermed identifisert desse alternativa:

  1. Dei kan ta fly Tromsø–Oslo–København og ta tog vidare til Roskilde.
  2. Dei kan ta fly Tromsø–Oslo, ta båt Oslo–København og ta tog vidare til Roskilde.
  3. Dei kan ta fly Tromsø–Oslo, ta tog Oslo–København og tog vidare til Roskilde.
  4. Dei kan ta fly Tromsø–Oslo, ta buss Oslo–København og ta tog vidare til Roskilde.

Alle alternativa har lik reisemåte for strekningane Oslo–Tromsø og København–Roskilde. Avgjerande for kva alternativ dei skal velje, blir dermed prisen og reisetida frå Oslo til København. Dei går inn på nettportalane til transportselskapa og studerer prisar og reisetider:

Alternativ Pris per passasjerReisetid en vegTotal reisetid
1 - fly750 kr1 time 10 min5 timer
2 - båt1150 kr16,5 timer24 timer
3 - tog1754 kr11 timer16 timer
4 - buss800 kr9 timer15 timer

Prisane kan variere, så ta utgangspunkt i dagens prisar.

Dei bestemmer seg for alternativ 1.

Oppgåve

Kva alternativ ville du sjølv ha valt om du skulle reise?

Flytransport:

Båttransport:

Togtransport:

Busstransport:

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Transporttenester