Hopp til innhald

Fagstoff

Utviklinga av vegtransporten i Noreg

Transportmidla har ulike eigenskapar. Medan bilen kan nyttast alle stader, kan tog, båt og fly berre brukast der vi har jernbanar, hamner og flyplassar. I dag kan vi kombinere ulike transportformer for å nå reisemåla våre. Det gjer ofte valet av transport til ei kompleks oppgåve.

Lastebil, containerskip og fly. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litt om utviklinga av vegtransporten i Noreg

Då bilen fekk innpass som transportmiddel rundt 1900, blei det mogleg å etablere arbeidsplassar utanfor gangavstand frå bustadområda. Dette har vi halde fram med sidan. Samstundes har vi bygd ut vegnettet slik at vi kan nå alle reisemåla våre.

Etter kvart har fleire og fleire busett seg i byar og tettstader. Samstundes har mange fått tilgang til privatbil, og dermed har det blitt vanskelegare å komme seg fram på delar av vegnettet. I dei største byane er det derfor eit press på å byggje ut vegnettet. For å dempe biltrafikken prøver styresmaktene å regulere trafikken dels gjennom fysiske tiltak, som til dømes einvegsregulering, og dels gjennom avgifter, som til dømes miljøavgifter.

Litt om utviklinga av banetransporten i Noreg

I 1823 produserte den 23 år gamle engelskmannen Robert Stephenson det første damplokomotivet i verda. 23 år seinare kom han til Noreg for å hjelpe til under utbygginga av den første jernbanen vår – Hovedbanen frå Christiania til Eidsvoll.

Arbeidet tok til i 1851, og banen stod ferdig i 1854. På det tidspunktet var jernbanen einerådande som motorisert transportmiddel – verken bilen eller flyet var oppfunne. Dei første lokomotiva var dampdrivne, seinare blei dei avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I dag er 80 % av det norske jernbanenettet elektrifisert.

Utbygginga av hovudstrekningar for å knyte landsdelane saman til eit norsk banenett kan kort framstillast slik:

Utbygging av hovudstrekningar, jernbane
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undervegs blei det bygd sidespor til byar og tettstader langs hovudstrekningane. Mange av desse sidespora er nedlagde i dag. Kan du tenkje deg kvifor?

Vi har også fått nye jernbanar i moderne tid. Flytoget blei opna i 1998. I dag byggjer Jernbaneverket dobbeltspor rundt Oslo for å auke kapasiteten på persontransport ettersom vegnettet er fullt utnytta.

Litt om utviklinga av sjøtransporten i Noreg

Lenge var seglet det som gav båtane framdrift på sjøen. Deretter fekk vi dampbåtar. Etter oppfinninga av dieselmotoren i 1892 tok mange til å eksperimentere med å montere slike motorar i båtane. Det var startskotet for den moderne skipsfarten i Noreg. Båtane vart utforma i alle moglege fasongar og tilpassa til ulike formål. Her er døme på nokre båttypar for innanlands sjøtransport:

Ro-ro-skip: «roll-on, roll-off»-skip, det vil seie bilferjer der køyretøya kan «rulle» av og på båten med lasta si

Katamaranar: snøgg-gåande båtar som transporterer passasjerar til og frå regionsenter langs kysten

Konteinarskip: båtar som transporterer konteinarar med stykkgods langs norskekysten

Tankskip: båtar som transporterer drivstoff for etterfylling av tankanlegg langs norskekysten

Litt om utviklinga av lufttransporten i Noreg

Lufttransporten er den yngste av dei fire transportformene. Det heile starta i 1903, då brørne Wright greidde å halde eit fly i lufta med motordrift i eit snautt minutt. I 1935 fekk Det Norske Luftfartsselskap AS (DNL) einerett til å byggje ut eit flyrutenett i Noreg. Dei første flyrutene var trafikkerte med sjøfly. Under andre verdskrigen hadde tyskarane bygd landingsplassar i Noreg for krigsflya sine. Desse landingsplassane utgjorde stammen i det norske flyrutesystemet etter krigen.

Etter krigen vart DNL fusjonert med Det Danske Luftfartsselkab AS (DDL) og Svensk Interkontinental Lufttrafik AB (SILA) til Scandinavian Airlines System (SAS).

Utbygginga av flyrutenettet tok til for alvor i 1950-åra. I 1960-åra starta også chartertransportane. Alle distrikt ønskte seg no flyplass, og det melde seg eit sterkt press for å få stamflyplassar over heile landet. I 1968 vedtok Stortinget å byggje ut kortbaneflyplassar i tillegg til stamflyplassane. Det har resultert i at staten ved Avinor i dag driv 46 flyplassar som er spreidde over heile landet. I tillegg finst det fleire private flyplassar og nokre militære flyplassar.

Kva gjer styresmaktene for å påverke oss til å velje miljøvennlege transportalternativ?

Styresmaktene ønskjer å påverke fordelinga mellom bil, tog, fly og båt når reisemåte skal veljast. Det gjer dei både gjennom fysiske reguleringar, gjennom investeringar i nye vegar og skjenegangar og ved å prise bruken av infrastruktur. Eit døme på fysiske reguleringar er prioritering av kollektivtrafikken gjennom eigne kollektivfelt i dei største byane. Eit døme på investeringar er utbygginga av jernbanenettet rundt Oslo til dobbeltspor. Døme på å prise bruken av infrastruktur er landingsavgifter på flyplassar og leigeprisar for bruk av jernbaneskjener og jernbaneterminalar.

Fakta

Styresmaktene ønskjer å minimalisere bruken av fossilt drivstoff. Det gjer dei på fleire måtar, mellom anna ved hjelp av bruksavgifter, som

  • miljøavgift på diesel
  • piggdekkavgift

og eigaravgift, som

  • årleg køyretøyavgift der eldre køyretøy må betale ei høgare avgift enn nyare køyretøy

Kan du tenkje deg kvifor?

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Transporttenester