Hopp til innhald

Fagstoff

Logistikkoperatør

Logistikkoperatørar arbeider på varelager og godsterminalar og må kunne bruke manuelle og elektroniske verktøy for transport, vareflyt og handtering av dokument.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sverre arbeider som logistikkoperatør på sentrallageret for ei elektronikkjede som berre driv nettsal.

Plukking fra hylle
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter kvart som kundane handlar på nettet, tek Sverre ut kundeordrar. Varene er lagra i reolar som er delte inn i hyller, som i sin tur er delte i fag og lokasjonar. Kvar vare har si eiga lageradresse på forma reolnummer, hyllenummer, fagnummer, lokasjonsnummer. Sverre veit derfor akkurat kvar vara er, når han får opplyst lageradressa.


For å lette plukkinga sorterer datasystemet dei aktuelle varene i stigande nummerrekkjefølgje. Sverre slepp derfor å køyre i sikksakk for å plukke varer.

Når Sverre har plukka varene, merkjer han dei med eit unikt sendingsnummer og skannar dette nummeret. Deretter genererer datasystemet automatisk ein e-post som går til kunden. Ved hjelp av sendingsnummeret kan kunden sjølv spore pakken.

Forslag til øving

Du arbeider på eit lager for ein nettbutikk og skal plukke ein ordre. Forklar framgangsmåten.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 05.07.2017

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy