Randi arbeider som vektar i tryggingskontrollen på ein flyplass. Tryggingskontrollen sjekkar både passasjerar og bagasje.
Somme gonger kontrollerer Randi passasjerbagasjen ved hjelp av gjennomlysing. Dersom ho oppdagar væsker, spisse gjenstandar, verktøy eller anna som ikkje er lovleg, varslar ho dei andre vektarane. Dei tek så passasjeren og bagasjen til sides og legg beslag på gjenstandar som ikkje er tillatne.
Andre gonger kontrollerer Randi passasjerane når dei passerer ein metalldetektor. Dersom detektoren pip, må passasjerane fjerne gjenstandar som kan gi utslag (som til dømes sko, beltespenner og liknande) og passere detektoren på nytt. Gir han framleis utslag, bruker Randi ein handdetektor og skannar passasjeren frå topp til tå.
Forslag til praktisk øving
Du er vektar og får i oppdrag å kontrollere brannalarmane i eit bygg. Brannalarmane er dei same som blir nytta i private heimar.
- Korleis vil du gjennomføre kontrollen?
- Kor ofte skal ein gjennomføre slike kontrollar?
Tips
- Bruk Internett.