Hopp til innhald

Fagstoff

Trafikksikringstiltak

Dei ulykkene som det er flest av i vegtrafikken, er møteulykker, utforkøyringar og påkøyrsel av mjuke trafikantar.
Trafikk
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjuke trafikantar

Mjuke trafikantar er trafikantar som ikkje har verneutstyr og ikkje har motor, til dømes gåande, syklande og skiløparar.

Eit viktig trafikksikringstiltak for å hindre at mjuke trafikantar blir påkøyrde, er å skilje dei frå dei harde trafikantane. Det vil seie at det må byggjast fleire gang- og sykkelvegar. Men du kan likevel sjå syklistar i vegbanen jamvel om det er sykkelveg ved sida av. Det kan komme av at gang- og sykkelvegane ikkje blir godt nok stelte, slik at det ligg grus i vegbanen. Derfor er det ikkje nok å berre byggje gang- og sykkelvegar, dei må haldast i ein slik stand at dei blir tekne i bruk.

Midtdelar

Å skilje motgåande trafikk er eit godt tiltak for å unngå møteulykker mellom bilar. Det kan skje med midtdelar, eller det kan leggjast inn eit felt med buskar og gras mellom køyrebanane når det skal byggjast ny veg. Er vegen for smal, er det vanskeleg å byggje midtdelar, for køyrefelta blir for smale til at utrykkingskøyretøy kan komme forbi. I fleire tilfelle må ein derfor gjere vegen breiare.

Rumlelinjer

Rumlelinjer er vegmerking som lagar støy i bilen om ein køyrer på oppmerkinga. Slike linjer kan også nyttast som eit skilje mot motgåande trafikk. Då får bilføraren eit varsel dersom han kjem over i motsett køyrefelt.

Autovern

For å hindre utforkøyringar kan det setjast opp autovern ut mot sida av vegbanen, eller ein kan bruke rumlelinjer også her. Eit anna viktig tiltak er å gjere sideterrenget til vegen mjukt, slik at den som køyrer utfor, har større sjanse til å unngå skadar.

Rundkøyringar

Eit farleg punkt i vegsystemet er kryss. I T-kryss med innkøyring på forkøyrsveg kan det skje alvorlege ulykker. Då er rundkøyringar eit godt alternativ. Ei rundkøyring kan skape fleire uhell, men dei alvorlege ulykkene blir borte. Dei uhella som skjer i rundkøyringar, er som oftast berre små metallskadar.

Dersom ein byggjer færre store parkeringsareal i byane og aukar kollektivtilbodet, vil bilstraumen inn mot sentrum og dermed talet på ulykker gå ned.

Vegen om vinteren

Om vinteren skal vegane brøytast og strøast. Det er sett krav til korleis arbeidet skal gå føre seg, alt etter kva status vegen har. Gjeld det ein hovudveg, får vegen betre vintervedlikehald enn ein mindre trafikkert sideveg.

Statens vegvesen overvaker nøye kvar det skjer ulykker. Er det stader som er meir utsette for ulykker enn vegnettet elles, kan det setjast i verk utbetringar. Det kan vere at vegen bør leggjast om, at fartsgrensa på staden blir redusert, at svingane blir retta ut, eller at vegen blir breiare. Det skal vere tydeleg merkt korleis vegen går, slik at ein unngår overraskingar.

Når det blir bygd nye vegar, skjer det etter ein standard og etter ei forventa trafikkutvikling i åra framover.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport