Fagstoff

Respekt og toleranse

Publisert: 27.09.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Respekt 1

I denne delen om kommunikasjon og samhandling kjem vi ikkje utanom respekt og toleranse. Å behandle andre menneske med respekt er å vise dei vørdnad ut frå deira menneskeverd. Ordet kjem frå latin og betyr «å sjå om igjen, sjå på ny». Respekt gir uttrykk for ei haldning overfor andre som viser aksept og ære.

Kommunikasjon

 

Sitat

Kommunikasjon er for samhandling det som pusten er for å leve.

Søren Kierkegaard (1813 - 1855)

 

Med kommunikasjon ønskjer vi å oppnå forståing eller vinne ny innsikt gjennom gylne augneblikk der vi forstår at det er noko vi ikkje forstår. Det kan oppmuntre oss til nye undersøkingar og nye oppdagingar – helst til fordel for begge partar.

Det er lett å tru at kommunikasjon berre er å få positiv respons, og å få folk til å gjere det vi vil ha dei til å gjere. Men då blir det ikkje kommunikasjon, det er manipulasjon. Kommunikasjon er ikkje å «presse ein bodskap nedover hovuda» på andre menneske. Gjensidig kommunikasjon krev gjensidig respekt.

Eksempel


Å bruke kunnskapane dine om interkulturell kommunikasjon til å selje ein defekt motorsykkel til ein som ikkje forstår kva slags mekanismar du utnyttar til å overtale, er uetisk.

 

Diskuter

 

reklameReklameplakat for brylcreem (brylkrem)

Reklame utnyttar mange innsikter frå interkulturell kommunikasjon.

De kan diskutere kvar grensa går mellom etisk, aktverdig reklame og uetisk, manipulerande reklame.

Toleranse

Toleranse er eit mykje misbrukt omgrep i kulturell kommunikasjon. I daglegspråket blir toleranse ofte oppfatta som godvilje og harmoni. Toleranse synest å innebere eit visst atterhald når det gjeld å seie at noko er sant eller feil. Enkelte brukar toleranse omtrent i tydinga: «Alt er like bra og alt er like dårleg, alle får gjere som ho eller han vil, det er ikkje så farleg med noko.»

Men dette er ein misforstått toleranse1. Dersom omgrepet blir brukt slik, blir det eit anna ord for likesæle. Konsekvensen av ei slik innstilling er at alle syn blir like riktige eller like feil, og det å ikkje ha noko syn er kanskje aller best, for då kan ein vere nøytral. Verdinøytralitet – om det er mogeleg – har vore oppfatta nærmast synonymt med toleranse.

Men det går an å problematisere ei slik haldning. Er verdinøytralitet tolerant? Dersom ein krev av andre at dei skal vere verdinøytrale i tydinga ikkje ha noka meining, så er ein ikkje tolerant. Eit krav om slik nøytralitet fornektar toleransen sitt innhald. Tvang til toleranse i tydinga relativisme – at alt er likegyldig – blir intolerant! Eit slikt nøytralistisk toleranseomgrep har blitt tappa for sitt eigentlege innhald.
 
Ordet toleranse skriv seg frå eit latinsk verb som betyr «å tole, ha evne til å halde ut». Eit krav om å tole blir berre meiningsfullt dersom det ein skal tole, er forskjellig frå det ein sjølv meiner er rett. Toleranse blir kravt av den som har eit anna syn. Den som ikkje meiner noko, er likesæl.

Å ha ei overtyding sjølv er ein føresetnad for å kunne tole andre si overtyding, å vere tolerant. Vi må vite kvar grensene går for det vi kan seie ja og det vi må seie nei til. Å seie nei og peike på urett er ikkje det same som å vere intolerant. Tvert imot er det eit vitnemål om at vi tek meiningsmotstandaren eller kommunikasjonspartnaren vår på alvor som eit moralsk og myndig menneske. Det gjeld også i møtet mellom ulike kulturelle univers.

Det er her viktig å skilje person og sak. Toleranse er ei haldning som viser tolsemd overfor ein person med meiningar som går på tvers av eins eigne. Men det er ikkje nok berre å tole personen og la vedkommande få forfekte sitt syn. Det kan lett slå over i likesæle. Eg må også kunne lytte til det meiningsmotstandaren har på hjarta og ta vedkommande alvorleg. Han eller ho må få høve til å forfekte sitt syn – og eg mitt.

Ulike deltakarar i ein kommunikasjon kan diskutere det dei er usamde om. Dersom vi var samde i alt, ville det ikkje blitt nokon kommunikasjon. Men vi må godta at vi kan vere usamde om mange ting. Det er ein menneskerett å ha fridom til å uttrykkje seg også om kontroversielle saker.

Vi må alle ha fridom til å låne, fridom til å gi, fridom til å ta imot, fridom til ikkje å ta imot, fridom til å omskape og fridom til å nyskape! Det er mogeleg og spennande med kulturmøtet!

Elie Wiesel

Fredsprisvinnaren Elie Wiesel (1928 -) overlevde Holocaust. Han har med historisk tyngd vist kva likesæle kan føre til: «Det motsette av kjærleik er ikkje hat, men likesæle.» I samband med at han skulle motta Nobels fredspris i 1986, kom det ein bombetrugsel. Sjå klippet.

Elie Wiesel
Leverandør: NRK

Les Nobel-foredraget hass her

Oppgåver

1. Tenk over. På kva sett kastar Elie Wiesel lys over sider ved toleranse-omgrepet?
2. Oppgåve Personvern og opphavsrett

 

Litteraturliste

Dahl, Øyvind. 2001. Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Oslo: Gyldendal akademisk.
Fossåskaret, Erik, Otto Laurits Fuglestad, og Tor Halfdan Aase. 1997. Metodisk feltarbeid: produksjon og tolkning av kvalitative data. Oslo: Universitetsforl.
Føllesdal, Dagfinn, Lars Walløe, og Jon Elster. 1996. Argumentasjonsteori, språk og vitenskapsfilosofi. Oslo: Universitetsforl.
Holme, Idar Magne og Bernt Krohn Solvang. 1996. Metodevalg og metodebruk. [Oslo]: TANO.