Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språk og skrift i 1905

Språkføring og skriftutforming i dei første utgåvene av Aftenposten er svært forskjellig frå Aftenposten, slik vi kjenner avisa i dag. I denne oppgåva skal du ta utgangspunkt i utgåver av Aftenposten frå 1899 og 1905.
Annonse for Olaf Asperheim-Larsens fotografiske artikler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Studer avisanonsen fra 1899 og skriv teksten ordrett ned på PC-en din. Brukt Helvetica eller ein annan grotesk skrifttype.
  2. Lag ei skisse som syner korleis du ville ha utforma denne annonsen språkleg og visuelt dersom han skulle stå på trykk i ei avis i dag.

Oppgåve 2

  1. Studer applikasjonen Skriftgruppenes utvikling. Gjer greie for den visuelle forskjellen på gotisk skrift og antikva-skrifter.
  2. Besøk nettsida Det trykte gotiske alfabetet. Forsøk å skrive namnet ditt med gotisk skrift.

Oppgåve 3

Bla i Aftenposten 11. juli 1905 . Klikk på "Expand" . Avissida dekkjer då heile skjermen. Du kan endre storleik og bla i avisa anten som enkeltsider eller som dobbeltoppslag.

  1. Kva for ulike skrifttypar er brukte på framsida av Aftenposten i 1905?
  2. Kvifor trur du det er forskjell på den skrifttypen som er brukt i den redaksjonelle teksten, og den som er brukt i dei fleste annonsane?

Relatert innhald

Saman med Aftenpostens digitalarkiv og Avis i skolen viser vi korleis innhald og utsjånad har endra seg i løpet av dei siste hundre åra.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)