Fagstoff

Objektsamling

Publisert: 28.09.2011, Oppdatert: 12.09.2017
Sommerfuglsamling

Læreplanen seier vi skal samle inn, kartleggje og utforske ulike organismar. Vi skal òg namngi, bruke kunnskap om systematikk og leggje fram resultata frå undersøkingane. Gjennom arbeidet med ei objektsamling blir fleire av kompetansemåla ein naturleg del av prosessen. Mange vel derfor å bruke tid på objektsamling sjølv om læreplanen ikkje lenger krev det.

Objektsamling av bløtdyrObjektsamling av dyr, hovudsakleg blautdyr. 

Kongle spist av ekornDyrespor. Bilete av ei kongle som eit ekorn har ete på, kan brukast i ei objektsamling. 

Tegneserie.Tommy og Tigern lager objektsamling. 

Objektsamling av blåbærElevane kan godt lage eigne oppsett i plantesamlinga. Her er eit eleveksempel på korleis blåbær er presentert i samlinga. 

Atrsbilder med mobilTeknologien vi har i dag, gjer at det er mogleg å lage fotoobjektsamling med hjelp av mobil. 

Jente som artsbestemmer planter ved hjelp av en flora.Bruk av oppslagsverk til å artsbestemme objekta til samlinga. 

Bilde av rein benyttet i en objektsamling.Bilete av rein som blei brukt i ei objektsamling. 

Spor fra jervSpor frå jerv – artsbestemt og redigert på mobiltelefon.

Objektsamling

Ei objektsamling er ei samling av objekt som representerer ulike organismar. Objektsamlinga kan vere sett saman på ulike måtar.

Samlinga kan for eksempel:

  • vere ei rein plantesamling av tørka og pressa plantar (herbarium)
  • representere det biologiske mangfaldet i eit avgrensa område
  • representere størst mogleg del av systematikken
  • vere ei rein dyresamling av dyr, spor og sporteikn

Åtte bilder med spor, ekskrement, fjær, sportegn, skjell og insekt.Eksempel på kva objekt ei samling med dyr som tema kan innehalde.    
Det er viktig at objekta er av god kvalitet og representative for arten, slik at det lettar arbeidet med identifisering og godkjenning. Når ein plante blir pressa, bør både stengel, blom og blad vere med, men ikkje røter.

Digital objektsamling

Dei seinare åra har det blitt meir og meir vanleg å lage digitale objektsamlingar. Eleven tek eigne bilete av plantar, dyr og sporteikn. I etterkant blir bileta redigerte, artane plasserte inn i systematikken og skriftlege omtalar til kvart enkelt bilete lagde til. Det som er viktig her, er at det er god fagleg og fototeknisk kvalitet på bileta slik at identifisering er mogleg.

Skriftleg omtale

Kvart objekt skal ha ein kortfatta skriftleg omtale. Han skal innehalde:

  • det vitskaplege namnet
  • godkjent norsk namn
  • kvar objektet høyrer til i systematikken
  • dato og funnstad
  • kven som fann det

Bilde av plante på plantepapirarkBjønnkam på plantepapirark I tillegg kan ein gjerne ta med noko om tilpassingar, kulturhistorie knytt til objektet og utbreiingsområde for eit avgrensa utval.

Det er mogleg å kjøpe plantepapirblokker i bokhandelen. Det består av ark som tørka plantar blir monterte på, helst med lim eller teip. I ferdige rubrikkar skriv du inn dei nødvendige opplysningane. Det er òg eit felt der læraren signerer dersom objektet blir godkjent.

Omfang og organisering

Kor stor samlinga skal vere, er opp til faglæraren i samråd med elevane å bestemme. Det mest vanlege er frå 30 til 60 objekt, avhengig av kva modell som blir brukt.

Ulike modellar

  • Individuelt – kvar elev leverer eiga objektsamling
  • Gruppe – fleire elevar samarbeider om ei objektsamling
  • Klasse – alle i klassen medverkar med eit avgrensa tal på objekt, men elevane skal ha kunnskap om heile samlinga

Sidan det av erfaring kan vere nokre objekt som ikkje blir godkjende, kan det lønne seg å ha med nokre fleire enn det kravet seier.

Organiseringa i samlinga bør sorterast etter rike, rekkje, klasse og så vidare. I tillegg bør det vere nummerering på omtalar og objekt. Dette er spesielt viktig når objekta er i øskjer, glas og liknande, mens dei tilhøyrande omtalane er i ein perm. Ikkje set på nummer før alle objekta er samla og skal organiserast.

Innsamling

Objekt til samlinga er vanleg å samle under haustekskursjonen slik at det blir eit verdifullt grunnlag for resten av skuleåret. Deretter kan elevane supplere samlinga på fritida og til våren når det kanskje er tid for ein ny ekskursjon.

Oppgåver

Praktisk stoff