Fagstoff

Kvitebjørn kong Valemon

Publisert: 06.01.2014, Oppdatert: 03.03.2017
 Kvitebjørn Kong Valemon av Theodor Kittelsen. Teikning. Kvitebjørn Kong Valemon teikna av Theodor Kittelsen   

Kjelde

Eventyret er henta frå Norske Folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe. Det er omsett av Oddvar Engan etter 1982-utgåva.

Så var det ein gong, som vel kunne vere, ein konge. Han hadde to døtre som var stygge og slemme, men den tredje var så rein og blid som klare dagen, og kongen og alle var glade i henne. Ho drøymde ein gong om ein gullkrans, som var så deilig at ho kunne ikkje leve om ho ikke fekk han. Men da ho ikkje kunne få gullkransen, blei ho sturen og kunne ikkje tale for sorg, og da kongen fekk vite at det var kransen ho sørga for, så sende han ut ein som var klypt ut på lag som den kongsdottera hadde drøymt om, og skikka bod til gullsmedane i alle land, om dei kunne skaffe maken. Dei arbeidde både dag og natt; men nokre av kransane slengte ho, og andre ville ho ikkje så mykje som sjå på. Men så var det ein gong ho var i skogen, da fekk ho sjå ein kvitbjørn, som hadde den kransen ho hadde drøymt om, mellom labbane og leikte med. Så ville ho kjøpe den kransen.

Nei, den var ikke til fals for pengar, men berre når han fekk henne sjølv. Ja, det var aldri verdt å leve uten den kransen, sa ho; det var det same kor ho kom og kven ho fekk, når ho berre fekk kransen, og så blei dei forlikte om at han skulle hente henne om tre dagar, og det var torsdagen.

Da ho kom heim med kransen, blei alle glade for det ho var glad igjen, og kongen meinte det kunne saktens ikkje vere så farleg å stagge ein kvitbjørn. Den tredje dagen måtte heile krigsmakta ut rundt slottet til å ta imot han. Men da kvitbjørn kom, var det ingen som kunne stå seg mot han, for han beit det ingenting på; han slo dei ned på ymse sider, så dei låg i haugevis. Dette syntest kongen gjekk reint på skade; så sende han den eldste dottera og henne tok kvitbjørnen på ryggen og fór avstad med. Da dei hadde reist langt og lenger enn langt, så spurde kvitbjørnen:

"Har du sete mjukare, har du sett klarare?" sa han.

"Ja, på min mors fang sat  eg mjukare, i min fars gard så  eg klarare," sa ho.

"Ja, så er du ikkje den rette," sa kvitbjørnen, og jaga henne heim igjen.

Neste torsdagen kom han igjen, og da gjekk det like eins. Krigsmakta var ute og skulle ta imot kvitbjørnen; men det beit  verken jern eller stål på han, og så slo han dei ned som gras, så kongen måtte be han halde opp, og så send e han ut den nesteldste dottera, og henne tok kvitbjørnen på ryggen og fór av garde med. Da dei hadde reist langt og lenger enn langt, spurde kvitbjørnen:

"Har du sett klarare, har du sittet mjukare?" sa han.

"Ja," sa ho, "i min fars gard såg  eg klarare, på min mors fang sat eg mjukare."

"Ja, så er du ikkje den rette," sa kvitbjørnen, og jaga henne heim igjen.

Den tredje torsdagskvelden kom han igjen. Da sloss han enda hardare enn dei andre gongene; så syntest kongen han ikkje kunne la han slå ned heile krigsmakta, og så ga han han den tredje dottera i guds namn. Så tok han henne på ryggen og reiste avstad langt og lenger enn langt, og da dei var komne bort i skogen, så spurde han henne, som han hadde spurt dei andre, om ho hadde sete mjukare og sett klarare.

"Nei, aldri!" sa ho.

"Ja, du er den rette," sa han.

Så kom dei til eit slott, som var så gildt at det slottet far hennar hadde, var som den uslaste husmannsplass i samanlikning med det. Der skulle ho vere og leve godt, og ho skulle ikkje ha anna å gjere enn passe på at varmen aldri gjekk ut. Bjørnen var borte om dagen, men om natta var han hos henne, og da var han menneske. Det gjekk alt både godt og vel i tre år. Men kvart år fekk ho eit barn, og det tok han og fór bort med, straks det var kome til verda. Så blei ho meir og meir sturen, og ba om ho kunne få lov til å komme heim og sjå til foreldra sine. Ja, det var ikkje noko i vegen for det; men først måtte ho love at ho skulle lye etter det faren sa, men ikkje etter det mora ville ho skulle gjere. Så kom ho heim, og da dei var aleine med henne, og ho hadde fortalt korleis ho hadde det, ville mora gi henne lys med, så ho kunne få sjå korleis han var. Men faren sa: Nei, det skulle ho ikkje gjere; "det er til skade og ikkje til gagn."

Menkorleis det var eller ikkje, så fekk ho lysestubben med seg da ho reiste. Det første ho gjorde da han hadde sovna, det var at ho tente i og lyste på han; han var så vakker at ho syntest ho aldri kunne få sett nok på han, men som ho lyste, så dryppa det ein heit talgdråpe på panna hans, og så vaknat han.

"Kva er det du har gjort?" sa han. "Nå har du gjort oss ulykkelege begge to; det var ikkje meir enn ein månad igjen, hadde du berrre halde ut den, så haddeeg vore frelst; for det er ei trollkjerring som har forgjort meg, så  eg er kvitbjørn om dagen. Men no er det ute med oss, no må  eg fare dit og ta henne."

Hun gret og bar seg ille; men han måtte reise og han skulle reise. Så spurde ho om ho ikkje kunne få vere med. Det var ingen råd til det, sa han; men da han fór av garde i bjørnehammen, tok ho tak i ragget likevel, kasta seg opp på ryggen av han og heldt seg fast. Så gjekk det avstad over ur og berg, gjennom holt og runnar, til kleda blei revne av henne, og ho var så dødelig trøytt at ho sleppte taket og ikkje visste meir av seg. Da hun vakna, var ho i ein stor skog, og så la ho avstad igjen; men ho visste ikkje, kor det bar hen. Langt om lenge kom ho til ei stove; der var det to kvinnfolk, ei gammal kone og ei vakker lita jente.

Kongsdottera spurde om dei hadde sett noko til Kvitebjørn kong Valemon.

"Ja, han fór her i dag tidleg; men han fór så fort at du visst aldri tar han igjen," sa dei.

Jentungen fór om og klypte og leikte seg med ei gullsaks, som var slik at silkefillene og fløyelsremsene flaug om henne, berre ho klypte i lufta. Der saksa var, mangla det aldri klede.

"Men denne kona som skal fare så vidt og på så vonde vegar, ho må slite hardt," sa jentungen; "ho kunne trenge meir til denne saksa, ho enn eg, til å klyppe klede til seg," sa ho, og så ba ho om ho ikkje fekk lov til å gi henne saksa. Jo, det skulle ho ha lov til.

Så reiste kongsdottera av garde gjennom skogen, som det aldri ville bli nokon ende på, både dagen og natta, og neste morgon kom ho til ei stove igjen. Der var det også to kvinnfolk, ei gammal kone og ein jentunge.

"God dag," sa kongsdottera. "Har de sett noko til Kvitebjørn kong Valemon?" spurde ho.

"Var det du som skulle hatt han kanskje?" sa kjerringa. Det var da det. "Jo, han fór framom her i går; men han fór så fort at du aldri tar han igjen," sa ho.

Jentungen gjekk på golvet og leikte med ei flaske, som var slik at ho skjenkte alt dei ville ha, og der flaska var, mangla det aldri drikke.

"Men denne stakkars kjerringa som skal fare så vidt og på så vonde vegar, tenkjer  eg kan bli tørst og lide mykje anna vondt," sa jentungen; "ho kan trengje meir til denne flaska, ho enn eg," sa ho, og så spurde ho om ho ikkje fekk lov til å gi henne flaska. Jo, det skulle ho få.

Så fekk kongsdottera flaska, takka for seg og reiste av garde igjen bort gjennom den same skogen, både den dagen og natta med. Tredje morgonen kom ho til ei stove, og der var det også ei gammal kone og ein jentunge.

"God dag," sa kongsdottera.

"God dag igjen," sa kjerringa.

"Har de sett noko til Kvitebjørn kong Valemon?" sa ho.

"Kanskje det var du som skulle hatt han?" sa kjerringa. Ja, det var da det. "Jo, han fór framom her i går kveld; men han fór så fort at du aldri tar han igjen," sa ho.

Jentungen gjekk på golvet og leikte med ein duk som var slik at når dei sa til han: "Duk, breid deg og reid deg med alle gode rettar!" så gjorde han det, og der duken var, mangla det aldri godmat.

"Men denne stakkars kjerringa som skal fare så vidt og på så vonde vegar," sa jentungen, "ho kan komme til både å svelte og lide mykje anna vondt, så ho kan trengje meir til denne duken enn eg," sa ho, og så spurde ho om ho ikkje fekk lov til å gi henne duken. Det skulle ho ha lov til.

Så tok kongsdottera duken og takka for seg, og reiste av garde langt og lenger enn langt, bort igjennom den same mørke skogen, heile den dagen og natta, og om morgonen kom ho til eit tverrberg, som var så bratt som ein vegg, og så høgt og så breidt at ho ingen ende kunne sjå. Det var ei stove der og , og da ho kom inn, var det første ho sa:

"God dag, har du sett om Kvitebjørn kong Valemon har fare denne vegen?"

"God dag igjen," sa kjerringa; "det var kanskje du som skulle hatt han?" sa ho. Det var da det. "Ja, han fór oppetter berget her for tre dagar sidan; men der kan ikkje noko uflygande sleppe opp," sa ho.

I denne stova var det så fullt av småbarn, og alle saman hang dei i stakken på mor si og skreik på mat. Kjerringa sette på varmen ei gryte full med runde småstein. Kongsdottera spurde kva det skulle vere godt for. Dei var så fattige, sa kjerringa, at dei  verken hadde mat eller klede, og det var så vondt å høyre barna skrike etter matbeten; men når ho sette gryta på varmen og sa: "No er eplene snart kokte," så var det som det døyvde svolten, og dei ga tål ei stund, sa ho. Det varte ikkje lenge før kongsdottera fekk fram duken og flaska, det kan ein nok vite, og da barna var mette og glade, klypte ho klede til dei med gullsaksa.

"Ja," sa kjerringa i stova, "sidan du har vore så hjarteleg snill mot meg og barna mine, så var det skam om ikkje eg gjorde det vi kan, for å freiste å hjelpe deg oppover berget. Mannen min er riktig ein meistersmed. No får du slå deg til ro til han kjem heim, så skal  eg ha han til å smi klør til deg til hender og føter, så får du friste å kravle deg opp."

Da smeden kom, tok han på med klørne med ein gang, og den andre morgonen var dei ferdige. Ho hadde ikkje tid til å bie, men takka for seg, hogg seg fast og kraup og kravla med stålklørne heile dagen og natta, og da ho var så trøytt, så trøytt at ho syntest ho ikkje kunne lette ei hand meir, men ville sige ned igjen, da var ho oppe. Det var ei slette, med åkrar og enger så store og vide at ho aldri hadde tenkt seg så vidt og så jamt, og straks ved var det eit slott fullt av arbeidsfolk av alle slag, som strevde som maur i ei tue.

"Kva er her på ferde?" spurde kongsdottera.

Jo, her budde ho, den trollkjerringa som hadde forgjort Kvitebjørn kong Valemon, og om tre dagar skulle ho ha bryllup med han. Ho spurde om ho ikkje kunne få talt med henne. Nei, var det likt seg, det var da reint umogleg. Så sete ho seg utanfor vindauget, og til å klyppe med gullsaksa, så fløyels- og silkekleda fauk som i ein snøkave. Da trollkjerringa fekk sjå det, ville ho kjøpe saksa; "for alt det skreddarane strevar, så monnar det ikkje," sa ho; "det er for mange som skal kledast opp."

For pengar var ho ikkje til fals, sa kongsdottera; men ho skulle få saksa, om ho fekk lov til å sove med kjærasten hennar i natt. Ja, det kunne ho godt få, sa trollkjerringa; men ho ville sjølv få han til å sove   og sjølv vekkje han. Da han hadde lagt seg, ga ho han ein sovedrikk, så han ikkje var i stand til å vakne, alt det kongsdottera ropte og gret.

Den neste dagen gjekk kongsdottera utanfor vindauga igjen, og sette seg til å skjenke av flaska; det fossa som ein bekk både med øl og med vin, og aldri blei flaska tom. Da trollkjerringa fekk sjå det, ville ho kjøpe flaska; for "alt det dei strevar med å bryggje og brenne, så monnar det ikkje, det er for mange som skal ha drikke," sa ho. For pengar var ho ikkje til fals, sa kongsdottera; men fekk ho lov til å sove med kjærasten hennar i natt, skulle ho få flaska. Ja, det kunne ho godt få, sa trollkjerringa; men ho ville sjølv la han sovne  og sjølv vekkje han. Da han hadde lagt seg, ga ho han ein sovedrikk igjen, så det blei ikkje likare den natta heller; han var ikkje god for å vakne; alt det kongsdottera ropte og gret. Men den natta var det ein av håndverkarane som arbeidde i rommet ved sidan av. Han høyrde gråten der inne, og skjønte korleis det hang i hop, og neste dag sa han til prinsen at ho måtte ha kome, kongsdottera som skulle frelse han.

Den dagen gjekk det like eins med duken som med saksa og flaska; da det var ved middagstid, gjekk kongsdottera utanfor slottet, tok fram duken og sa: "Duk, breid deg og reid deg med alle gode rettar," så var det mat, og så det var nok til hundre mann; men kongsdottera sette seg til bords aleine. Da trollkjerringa fekk sjå duken, så ville ho kjøpe han; "for alt det dei kokar og steikjer, så monnar det ikkje; det er for mange munnar som mat skal ha," sa ho. For pengar er duken ikke til fals, sa kongsdottera; men fekk ho lov til å sove med kjærasten hennar i natt, skulle ho få han. Det kunne ho godt få, sa trollkjerringa; men sjølv ville ho leggje han, og sjølv ville ho vekkje han og. Da han hadde lagt seg, kom ho med sovedrikken; men denne gongen akta han seg og lurte henne. Trollkjerringa trudde han ikkje meir enn som så, ho heller; for ho tok ei stoppenål og stakk tvers igjennom armen på han og ville prøve om han sov tungt nok; men enda så vondt det gjorde, så rørte han seg ikke, og så fekk kongsdottera lov til å komme til han.

Da var allting godt og vel, og når dei berre blei kvitt trollkjerringa, så var han frelst. Så fekk han tømmermennene til å gjere ein svivelem i den brua brudeferda skulle fare over; for dei hadde den skikken der, at brura reid fremst i ferda. Da ho kom utpå, sveiv lemmen rundt med brura og alle dei trollkjerringane som var brurekonene hennar. Men kong Valemon og kongsdottera og alle bryllupsfolka fór attende til slottet, og tok med av gullet og pengane til trollkjerringa, alt det dei kunne føre, og fór av garde til hans land og skulle halde det rette bryllupet. Men på vegen var kong Valemon innom og tok med dei tre småjentene, og no fekk ho sjå kvifor dei hadde tatt frå henne borna og satt dei bort; det var for at dei skulle hjelpe henne fram til han. Så drakk dei bryllup både stivt og sterkt.

 

 

Relatert innhald

Generelt