Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norske avissider i hundre år

Samanlikn innhald, overskrifter, bilete, annonsar og layout på framsida til Aftenposten frå 1910 og fram til vår tid.
En flokk ungdommer studerer Aftenpostens ekstrautgave. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i sida Hundre år med Aftenposten. Samanlikn framsida til avisa i perioden 1910 til 2010.

Oppgåve 1: Saker

  1. Kva handlar sakene på framsida om i 1910?
  2. Når får framsida ein tydeleg nyheitsprofil?
  3. Kor stor del av sakene på dei elleve framsidene er innanrikssaker, og kor stor del er utanrikssaker ?

Oppgåve 2: Overskrifter

  1. Nemn eksempel på avisoverskrifter frå kvar av dei elleve framsidene.
  2. Har måten overskriftene er utforma på, endra seg i ei bestemt retning?

Oppgåve 3: Bruk av bilete

  1. Kva type bilete blei brukte i 1910-utgåva?
  2. Når får vi dei første reportasjebileta på framsida?
  3. Når begynner avisa å bruke bilete som hovudoppslag på framsida?
  4. Kva tiår får vi dei første fargebileta på framsida?

Oppgåve 4: Annonsar

  1. Kva for annonsar har fått plass på framsida i 1910?
  2. Kva for annonsar har fått plass på framsida i 2010?
  3. Samanlikn dei elleve framsidene. Kva for eit år inneheld framsida mest annonsestoff, rekna ut frå kor stor del av sida som er dekt av annonsar?

Oppgåve 5: Layout

  1. Korleis har den visuelle utforminga av framsida til Aftenposten endra seg i løpet av dei siste hundre åra?
  2. Kva for tekniske nyvinningar har skjedd i denne perioden som har endra måten framsida blir utforma på?

Relatert innhald

Saman med Aftenpostens digitalarkiv og Avis i skolen viser vi korleis innhald og utsjånad har endra seg i løpet av dei siste hundre åra.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)