Fagstoff

"God dag, mann!" - "Økseskaft"

Publisert: 04.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017
Mann som arbeider ute. illustrasjon.Gustave Courbet 

 

Kjelde

Eventyret er henta frå Norske Folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe. Det er omsett til nynorsk av Oddvar Engan etter 1982-utgåva.


Det var ein gong ein ferjemann som var så tunghøyrt at han verken kunne høyre eller samle det nokon sa til han. Han hadde ei kjerring og to søner og ei dotter, og dei brydde seg ikkje om mannen, men levde lystig og vel, så lenge det var noko å leve av, og sidan tok dei på borg hos gjestgjevaren og heldt bede lag kvar dag.

Da ingen ville borge dei lenger, skulle lensmannen komme og pante for det dei hadde borga og ødsla bort; så reiste kjerringa og barna til skyldfolka hennar og lot den tunghøyrde mannen bli igjen aleine og ta imot lensmannen og lensmannsdrengen.

Mannen gjekk der og stulla og stelte, og undrast på kva lensmannen ville spørje etter, og kva han skulle sei når han kom.

"Eg kan ta meg til å emne til noko," sa han ved seg sjølv, "så spør han meg om det. Eg får gi meg til å telgje på eit økseskaft.

Så spør han meg kva det skal bli; så seier jeg:
"Økseskaft."

Så spør han meg kor langt det skal vere; så seier eg:
"Opp under denne kvisten."

Så spør han meg kor ferja er henne; så seier jeg:
"Eg skulle tjørebre henne; ho ligg nedpå stranda og er sprukken i begge endar."

Så spør han: "Kor er den grå merra di henne?" Så seier eg: "Ho står på stallen føldiger."

Så spør han: "Kor er feet og sommarfjøset ditt henne?" Så seier  eg:
"Det er ikkje langt unna; når du kjem opp bakken, så er du der straks."
Dette synest han var godt og vel overlagt.

Da det leid om ei stund, kom lensmannen, han var sikker nok; men drengen hans hadde gått ein annan veg om gjestgjevaren, og der sat han og drakk framleis.

"God dag, mann!" sa han.

"Økseskaft," sa ferjemannen.

"Jaså - -" sa lensmannen. "Kor langt er det til gjestgjevaren?" spurde han.

"Opp under denne kvisten," sa mannen og peikte eit stykke opp på økseskaftemnet.

Lensmannen rista på hovudet og glante stort på han.
"Kor er kjerringa di, mann?" sa han.

"Eg skulle tjørebre henne," sa ferjemannen, "for ho ligg  på stranda og er sprukken i begge endar."

"Kor er dottera di?"

"Å, ho står på stallen og er føldiger," sa mannen; han syntest han svarte både godt og vel for seg.

"Å reis du til -, din tull du er!" sa lensmannen.

"Ja, det er ikkje langt unna; når du kjem opp bakken, så er du der straks," sa mannen.

 

Relatert innhald

Generelt