Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder ein personleg blogg

Ein personleg blogg er ei form for dagbok som alle har tilgang til å lese. Men ofte er føremålet også å byggje eit positivt omdøme for ein person eller eit produkt.
Blogger Tine Solberg
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du vurdere ein personleg blogg som har mange lesarar. Du kan for eksempel velje bloggen til Caroline Berg Eriksen, Sophie Elise eller Anna Rasmussen.

  1. Kven er avsendaren?
  2. Kva for tema skriv avsendaren om?
  3. Kva kjenneteiknar bileta som er brukte i bloggen?
  4. Korleis er språket i bloggen? Normalisert, munnleg, intimt osv.?
  5. Blir bloggen oppdatert jamleg?
  6. Kva kan du som lesar gjere på denne bloggen?
  7. Er det noko du saknar i denne bloggen?
  8. Er dette ein personleg blogg, promoterer han eigentleg ein person, eller reklamerer han for eitt eller fleire produkt?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2018

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag