Lenkje: Oppslag

Nøkkel – lauvtre (vinter)

Publisert: 07.09.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Gråor med kongler henger over frossen elv.Gråor om vinteren.
Fotograf: Kristin Bøhle
 

Flora over tre om vinteren

Dei viktigaste lauvtrea her i landet er:

  • edellauvtre (varmekrevjande lauvtre): eik, bøk, alm, ask, lind, lønn, hassel, svartor
  • nøysame (hardføre) lauvtre: bjørk, osp, rogn, selje, hegg, gråor


Utbreiing

Edellauvtrea har stort sett ei kystnær utbreiing. Dei finst i låglandet austafjells og rundt kysten. Dei fleste edellauvtrea har avgrensa utbreiing nordover og stoppar ein stad i Trøndelag eller Nordland, mens dei nøysame lauvtrea finst i heile landet opp til skoggrensa.

Fleire artar

I tillegg til desse 14 lauvtrea har vi ein god del buskar og i tillegg nokre sjeldnare, treforma artar. Vi har òg ei rekkje forvilla artar, nokre av dei kan somme stader vere nesten like vanlege som dei ville.

Relatert innhald