Fagstoff

Visuelle medium

Publisert: 08.09.2011, Oppdatert: 07.09.2018
Helleristninger i Alta

Oppfinninga av skrifta var synliggjering av munnlege signal og gjorde det mogeleg for menneska å kommunisere på heilt nye måtar. Men kommunikasjon med synlege teikn, slik som handrørsler, ansiktsmimikk og kroppsrørsler er nok like gammalt som menneskerasen.

Kroppsspråk. Foto.Kroppsspråk 

HieroglyferEgyptiske hieroglyfer 

Tegnspråk
Leverandør: NRK
 

Kommunikasjon med døve
Leverandør: NRK
  

Sjå ei teiknordbok her 

Alle former for illustrasjonar kan karakteriserast som visuelle (synlege) medium. Som vi har sett, er holemåleria eldre enn skrifta. Menneske har brukt dette mediet gjennom mange tusen år. Helleristingane i Alta er daterte til å vere frå ca. 4200 f. Kr. og til ca 500 f. Kr. Dei viser teikningar av reinsdyr, fisk og båtar.

Bilde, fotografi, skulpturar, arkitektur, tekstilar, brukskunst, dans og ballett og ritual er visuelle medium ofte kombinerte med andre medium.

I denne presentasjonen kan vi ikkje gi ei utfyllande framstiling av alle dei visuelle media som finst. Vi tek berre med nokre eksempel. Lærarar og elevar kan eventuelt velje å fordjupe seg i nokre typar medium og gjennomføre meir djuptgåande analysar.

Teikn

I kurset for KK1 hadde vi eit heil bolk om ikkje-verbal kommunikasjon. Vi skal derfor ikkje gjenta det her, men det kan vere greitt for deg som les å repetere det. Vi definerte teikn som «noko som står for noko anna enn seg sjølv». Kva det står for, er oftast basert på ein konvensjon (ein avtale) mellom dei som brukar teikna. Alle typar teikn er derfor også medium som kan brukast til å kommunisere med.

Teiknspråk

Døve brukar teikn som kommunikasjonsmedium. Ved hjelp av handrørsler og mimikk har dei utvikla eit eige språk basert på visuell kommunikasjon. Dette språket har ein eigen grammatikk som er like kompleks som grammatikken for vanleg talespråk. Grammatikken har reglar for korleis handformer, rørsle av hendene, armane og ansiktsuttrykket kan kombinerast og brukast.

I Noreg er norsk teiknspråk anerkjent som eit minoritetsspråk på lik linje med samisk, kvensk, urdu eller andre språk som minoritetar i Noreg talar. Det er førstespråket eller morsmålet til mange døve, høyrselshemma og ein del høyrande i Noreg. For å omsetje frå talespråk til teiknspråk og omvendt trengst døvetolkar.

Teiknspråket er ikkje internasjonalt. Teiknspråka har utvikla seg like naturleg som talespråka på ulike kantar av verda. Døve må derfor bruke tolk når dei skal kommunisere med døve frå andre land. Men oftast har dei lettare for å forstå kvarandre fordi mange av teikna er ikoniske – dei liknar på det dei skal representere.

Eksempel

 

Teiknspråket i USA og teiknspråket i Storbritannia er nokså ulike sjølv om talespråket i begge landa er engelsk. Dette har historiske årsaker. I USA ligg teiknspråket nærmare fransk teiknspråk. Teiknspråket på Madagaskar er ikkje så ulikt teiknspråket i Noreg, fordi det var norske misjonærar som først tok opp arbeid blant døve og høyrselshemma på Madagaskar.

Bilde

Bilde kan vere av mange slag: Teikningar, teikneseriar, skisser, fotografi, reklame, måleri, røntgenbilde og mange fleire. I staden for å beskrive alle mogelege typar, skal vi her fokusere på kva bilda kommuniserer og gi nokre tips som kan hjelpe oss til å tolke dei. Mens mediet er instrumentet, er sjangeren heilskapen der både mediet, innhaldet og forma er med. Vitskapen om beskriving og tolking av bilde kallast ikonografi (ikon = bilde, graphein = skrive) (Gotfredsen 1989).

Som annan tekst kan vi også vurdere bilde i forhold til ulike bildesjangrar. Kva slags bilde dreier det seg om? Er det reklamebilde, kunstbilde, dokumentarfotografi, familiefotografi, medisinske bilde eller propagandabilde? Kvar sjanger har sine konvensjonar (bevisste eller ubevisste avtalar) om kva slags type bilde som blir brukt i ein bestemt samanheng.

Avsendaren som har laga bildet, eller sett det inn i ein samanheng, har visse forventningar til korleis bildet skal tolkast. Mottakaren, sjåaren, har det også. Dersom du går på det norske Nasjonalmuseet, ventar du å finne måleri av dei gamle klassikarane. På museet for moderne kunst har du andre forventningar. I avisa leitar du etter dokumentarfotografi som ofte «fortel meir enn tusen ord», som det heiter.

Det kan også vere interessant å leggje merke til at det av og til blir nytta sjangerbrot for å vekkje merksemd. Innanfor reklame blir bilde brukte i samanheng med tekstar. Av og til blir det brukt uventa kombinasjonar av bilde og tekst som bryt med sjangeren reklame.

Odd NerdrumMåleri av Odd Nerdrum Når ein skal tolke eit bilde, kan det også vere nyttig å sjå det i forhold til stilhistorie. Når blei bildet produsert, av kven og med kva formål? Kva slags teknikkar var vanlege? Korleis var konvensjonane for perspektiv, djupn, fargebruk? Kva kan vi lære dersom vi samanliknar bildet med andre bilde frå den same tidsepoken? Korleis braut kunstnarane konvensjonane og skapte nye sjangrar?

 

Vi kan også finne ulike konvensjonar innanfor ulike kulturelle tradisjonar. Kinesarane måla ofte på «scrolls» som hadde loddrette format. Bilda endra seg i forhold til ulike dynasti. I bilda finst ofte symbol og kodar som er kulturbestemte. Dei kan vere knytte til religion og historiske hendingar.

Eksempel

 

DyrekretsenDyrekrinsen 

I Kina er kvart år knytt til eit dyr i den kinesiske dyrekrinsen (zodiaken). Det er tolv dyr: Rotta, oksen, tigeren, haren, draken, slangen, hesten, geita, apen, hanen, hunden og grisen. Dine eigenskapar vil avhenge av kva år du er fødd i. Kinesiske astrologar kan også fortelje deg kva slags partnar som vil passe for deg ut frå kva år du er fødd i. Ein som er fødd i rottas år er for eksempel sjarmerande og vil tiltrekkje seg det andre kjønnet. Hardt arbeid og suksess er knytte til rotta. Dei vil passe til partnarar som er fødde i drakens, apens eller oksens år.

Mens vi ser på rotta som eit ekkelt og ureint skadedyr, har altså rotta ein positiv posisjon i kinesisk kultur. Kjennskap til ulike bildepraksisar kan også vere nyttig om ein skal tolke eit bilde. I gamle familiealbum ser vi at det var vanleg at ein måtte kle seg fint og stille opp for fotografen. Å ta bilde var ei høgtideleg sak. Dette skil seg sterkt ut frå våre dagars praksis ved fotografering.

LandskapLandskap Portrett og landskap kan ein gjere med «teikning med lys» – fotografi. Kunnskap om teknikk kan fortelje mykje om bildet. Eit fotografi er bunde av lys, djupneskarpleik og utsnitt. Kva er den største skilnaden mellom måleri og fotografi i framstillinga av eit motiv? Kva fortel format, bildevinkel og bildeutsnitt? Kva med bruk av fargar, lys og skygge?

Andre moment som kan vurderast: forgrunn, bakgrunn, linjer i bildet, plassering av figurane? Bruk av tekst i samband med eit bilde kan leie tolkinga i ei bestemt retning. Teksten kan også stå i kontrast til det bildet viser og dermed gi sjåaren assosiasjonar utover det bildet viser. Bilde kan også setjast saman med andre bilde. Det kallast bildemontasje. Då oppstår det nye, mogelege tolkingar.

 

Oppgåver

1. I dei fleste av avsnitta over er nokre ord utheva. Knytt stikkord til kvart av dei utheva orda.

 

2. Ved å gjere desse oppgåvene får du ei betre forståing av artikkelen.

Ikoniske teikn 

Sjangerbrot 

Mobilen som kamera 

Analyser samansette tekstar  

Visuelle medium