Fagstoff

Nøkkel – lyngartar (bløming og frukt)

Publisert: 07.09.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Nøkkel til lyngfamilien

Nærbilde av kvitlyng.Kvitlyng.
Fotograf: H. Zell
Denne nøkkelen er ei hjelp til bestemming av plantar i lyngfamilien. Krekling er inkludert sjølv om han nokre gonger blir behandla i ein eigen familie, kreklingfamilien. Vintergrønfamilien er ikkje med sjølv om han i nyare systematikk er teken inn i ein utvida lyngfamilie. Latinske namn og slektsavgrensingar følgjer Lids flora (2005)1. Norske namn på bokmål og nynorsk følgjer den offisielle namnelista til Artsdatabanken. Det er ein nøkkel for plantar i blom og ein for plantar i frukt.

Bileta til høgre i nøkkelen er berre eit utval, biletplansjen viser alle artane. Som støtte for artsbestemminga er det teke med nokre figurar som viser utvalde eigenskapar hos plantane.

Slik bruker du nøkkelen

Du kan klikke på biletet nedanfor og forstørre dette, eventuelt høgreklikke på biletet og opne det i ei ny fane eller eit nytt vindauge. Du kan òg bruke pdf-versjonen som det er lenkje til under "Relatert innhald". Pdf-versjonen kan lagrast eller skrivast ut og takast med ut i felten.

Lykke til med "nøklinga"!

Bestemmelsesnøkkel for 18 norske lyngarter.Lyngnøkkel.
Forfatter: Hanne Hegre Grundt, Kristin Bøhle, Ragnhild Baglo

Relatert innhald

Praktisk stoff for

Praktisk stoff

Generelt