Hopp til innhald

Fagstoff

Klargjering av arbeidsstasjon

Klargjering av arbeidsstasjon handlar om å få slått på maskinen og kontrollere at han fungerer. Dette inneber å kople til alt ekstrautstyr, samt installasjon av ekstra applikasjonar og programvare.
Av/på-knapp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppstart

Uavhengig av om maskinen er ein stasjonær eller berbar versjon, har alle maskinar ein av/på-brytar som fungerer som hovudstraumbrytar. Denne brytaren kuttar straum til kjernedelane på maskinen, som harddisk, prosessor og minnebrikker. Ver merksam på at det likevel kan vere straum på sjølve hovudkortet, og at dette gjerne er synleg med eit LED-lys. For å bryte straumen fullstendig til hovudkortet må du nytte straumbrytaren på straumforsyninga eller trekkje ut kontakten.

Kortfatta sjekkliste for klargjering av arbeidsstasjon:

  • Kontroller at straumforsyninga er kopla til.
  • Kontroller at hovudkortet har straum, og at straumbrytarkabelen er kopla til hovudkortet.
  • Kontroller at tastatur og mus er kopla til klienten.
  • Kontroller at skjermen har straum, og at skjermkabelen er kopla til i begge endar.
  • Kontroller at periferiutstyr er kopla til og har straum.

Installasjon av operativsystem

Windows-ikon. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når datamaskinen er slått på, er det første ein gjer, som regel å installere eit operativsystem. Dette kan vere Windows, ein Linux-distribusjon eller andre operativsystem. Uavhengig av operativsystem får du opp ein installasjonsrettleiar når du startar opp installasjonen. For å finne ut korleis du installerer operativsystemet du ønskjer, går du inn på nettsidene til utviklaren av operativsystemet. Det finst også mange videoar på YouTube og andre nettstader som syner framgangsmåten.

Korleis installere windows 10 (Komplett.no)

Installasjon av programvare og drivarar

Ulike komponentar – både innebygde og tilkopla – krev som regel eigne drivarar for å fungere. Drivarar gjer at operativsystemet kan kommunisere med komponenten. Som regel følgjer drivarprogramvara med på ein CD/DVD saman med komponenten du har kjøpt. Sidan det kan gå ei viss tid frå produktet er produsert og til du har kjøpt det, kan drivaren vere utdatert. Derfor er det alltid lurt å sjekke nettsida til produsenten i tilfelle det har komme ein ny versjon av drivaren. Desse finn du som regel under menyval som «Support» eller «Downloads». Deretter må du velje modellen du ønskjer å laste ned drivar for.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Val og kjøp av datamaskin