Fagstoff

Mordaren i baksetet

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Moderne vandresegner

Mordaren i baksetet er ei segn som har vandra hit frå USA. Det har også dukka opp variantar av denne fleire stader i verda.

The Killer in the Backseat  

Hand som held ein kniv. Foto.   

Ein politimann rapporterte dette etter at han hadde vore ute på opprag ei sein natt:

Ei 19 år gammal jente hadde vore på besøk hos nokre venner på Sørlandet og skulle heim. Det var midt på natta, og jenta var litt småredd, så ho låste dørene og sette på radioen for ikkje å føle seg så åleine. Då ho køyrde ut på E18, kom det ein stor trailer opp bakfrå. Han la seg tett etter henne og sende frontlysa sine rett inn i bilen hennar. Lysa blenda henne, og ho syntest det var svært irriterande.

Ho prøvde å gi på litt, men traileren følgde etter. Då sakna ho farten så han kunne køyre forbi, men traileren heldt seg bak henne. Ho prøvde til og med å køyre inn på ein haldeplass og stoppe, men då han også gjorde det, vart ho redd. Ho køyrde raskt vidare med traileren etter seg, kilometer etter kilometer. Snudde ho seg, såg ho berre eit batteri av blendande lykter og eit glimt av ei svart frontrute.

Den siste delen av vegen køyrde ho så fort ho kunne. Ho svinga av motorvegen og kom endeleg fram til huset der ho budde, framleis med traileren like bak seg. Ho hoppa ut av bilen, sprang opp til huset, kom seg innanfor og låste døra bak seg. Gjennom vindauget såg ho den kjempestore traileren stoppe bak bilen hennar. Ein mann hoppa ned på fortauet og kom med raske steg opp mot huset.

Jenta var no heilt paralysert av skrekk. Ho var åleine i huset, og mannen der ute ringde som rasande på døra. Til sist opna ho brevluka og spurde kva han ville. Ho var livredd, og budd på det verste.

Men då fekk ho eit nytt sjokk, sa politimannen vidare.

 

Trailersjåføren fortalde at ho straks måtte varsle politiet, for han hadde tilfeldigvis sett inn i bilen hennar då ho svinga ut på E18, og der – i baksetet – sat det ein mann med ein lang kniv i handa. Han dukka seg då trailersjåføren slo på frontlyktene sine, og det var derfor han hadde følgt henne heilt heim. Det var den einaste moglegheita han hadde til å redde henne frå mordaren i baksetet …

 

 

Oppgåver
Relatert innhald

Generelt