Fagstoff

Rotta i pizzaen

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Moderne vandresegner

Rotta i pizzaen er ei moderne vandresegn som speler på fordommar og redsle vi kan ha for det ukjende, denne gongen knytt til utanlandsk mat.

 

Sjå svensk versjon:

Råttan i pizzaen 

 

Ein variant liknar denne, berre at handlinga er lagd til ein kebabrestaurant.

 

Andre variantar handlar om kattar og hundar som forsvinn i området rundt ein nystarta Kina-restaurant.

 

Død rotte. Foto.   

Du hugsar kanskje Jeanette frå ungdomsskulen? Ho og den nye klassen hennar var i Oslo sist veke, og der trefte ho ein fyr som fortalde noko ekkelt.

Han og kameraten hadde same veka vore på ein pizzarestaurant med nokre venner. Utpå natta hadde ein av dei, ei jente, fått forferdeleg vondt i magen og vorte innlagd på sjukehus. Ho vart til slutt operert, og då oppdaga legane at smertene kom frå eit bein ho hadde svelgt som hadde sett seg fast i magen. Det mest skremmande var at beinet stamma frå ei rotte.

Helserådet hadde same dagen inspeksjon av restauranten dei hadde vore på, og i eit matlager fann dei mange døde rotter som var hengde opp.

Det snudde seg i magen på Jeanette då ho høyrde historia, og alle i klassen var samde om at dei skulle halde seg unna pizzarestaurantar på denne turen.

 

Relatert innhald

Generelt