Fagstoff

Dei sju systrene

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

De syv søstre. Foto.   

Dei sju systrene

Det vert sagt at Vågakallen og Suliskongen hadde kvar sine sorger. Den første hadde sonen Hestmannen, som var ulydig, og den andre hadde åtte viltre døtrer. Suliskongen var streng og nekta døtrene å vere ute.

Då han sovna ein kveld, lurte dei seg likevel ut. Dei ville ned til kysten for å danse og bade i måneskinet. Hestmannen såg systrene bade i sjøen ved Landegode. Han vart forelska i Lekamøya og bestemte seg for å røve henne same natta. I full rustning og med flagrande kappe om skuldrene jaga han sørover i eit vilt midnattsritt. Dei badande systrene fekk auge på han og rømde sørover alt dei orka. Utmatta gav sju av systrene opp og kasta seg ned på øya Alsten, mens den eldste rømde vidare. I eit veldig sprang hoppa ho over Velfjord til Brønnøy akkurat då røvaren nærma seg polarsirkelen. No vart det håplaust for Hestmannen. Han såg at han ikkje kunne nå henne att.

Då bestemte han seg for at ho ikkje skulle sleppe unna, han ville i staden sjå henne død. Rundt om i fjella sat trolla i spenning og følgde med på den ville jakta. Kongen i Sømnafjellet ved Brønnøysund, Skarsfjellgubben, sat også oppe og såg fram under hattebremmen på det som gjekk føre seg, mens dagen tok til å gi skyene eit gylle skjær.

Då Skarsfjellgubben såg at Hestmannen tok etter bogen sin, kasta han hatten i vegen akkurat då pila var på veg mot Lekamøya. Pila råka hatten, som fall ned på Torget rett sør for Brønnøysund med eit stort hol igjennom. Pila endra retning og fall ned i havet ved Vikna. Lekamøya gjorde eit nytt kjempehopp og landa på Leka. Der snubla ho og miste smørdunken som ho bar med seg.

Smøret rann utover fjella på nordvestsida av Leka – derfor den gule fargen på fjella. Lekamøya kom seg til sørspissen av Leka før sola rann og alle vart til stein, og dette kan ein sjå den dag i dag.

 

Kjelde: Wikipedia. Omsett til nynorsk av Dyre Aanund Vaa.

 

Oppgåver
Relatert innhald

Generelt