Hopp til innhald

Fagstoff

Hundre år med Aftenposten

Avisa Aftenposten vart etablert i 1860 av boktrykkar Christian Schibsted. I samarbeid med Aftenpostens digitalarkiv og Avis i skolen presenterer vi her eit utval som viser korleis innhaldet og utsjånaden til Aftenposten har endra seg i løpet av dei siste hundre åra.
Ei kvinne sit i ein bil og les Aftenposten. Framsideoppslaget handlar om at Hitler er død, og ifølge oppslaget fall han "i kamp til siste åndedrag mot bolsjevismen". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aftenposten vart grunnlagd i 1860 og er i dag den avisa i Noreg som har størst opplag. I perioden 1880 til 1970 var Aftenposten tilknytt høgresida i norsk politikk. Avisa er i dag politisk uavhengig, slik dei fleste norske aviser har vore dei siste femti åra.

Aftenposten fekk ein oppsving under andre verdenskrigen, sidan nazisympatiar gjorde at avisdrifta kunne halde fram som vanleg under den tyske okkupasjonen av Noreg.

Fram til 2012 gav Aftenposten ut både ei morgon- og ei kveldsutgåve. I dag gir Aftenposten ut både ei omfangsrik papiravis og ei omfangsrik nettavis.

Aftenposten vart stifta av Christian Schibsted og er framleis eigd av det norske mediehuset Schibsted ASA. Schibsted eig i tillegg (januar 2021) VG, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad.

Bla i digitalarkivet

I samarbeid med Aftenpostens digitalarkiv og Avis i skolen presenterer vi her eit utval som viser korleis innhald og utsjånad har endra seg i løpet av dei siste hundre åra.

Skriv inn adressa http://issuu.com/ndla# i eit nytt nettlesarvindauge. Då kan du bla i kveldsnummeret av avisa frå same dag og i andre avisutgåver som omtaler viktige hendingar i norsk historie.

Utvalet er gjort av professor Martin Eide ved Universitet i Bergen. NDLA takkar Aftenposten og Avis i skolen ved Sven Fjeldal for all hjelp.

Følg Aftenposten frå tiår til tiår

Bla i digitaliserte attgivingar av utgåver av Aftenposten frå 1910 til 2020 i PDF-filene under. Utgåvene er gitt att med løyve frå Aftenposten. PDF-filene kan ikkje lesast av skjermopplesar.

Filer

CC BY-SASkrive av Aftenposten og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)