Fagstoff

Opphavssegn om Kreppa

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Kart over Kreppa. Illustrasjon.Kart over Kreppa   

Korleis Langårsund (Kreppa) vart til

Det var ein gong ei kjempe som var misnøgd med grauten sin fordi han var full av klumpar og dårleg salta. Han tok spenntak i ei kløft i fjellet og sparka ifrå så det rivna. Kjempa delte øya i to; ho vart til Langøy og Gumøy.

Samstundes sprakk kjempa, og grautklatten vart liggjande att. Han vart seinare til Syngårdsholmen, som ligg midt i Langårsund. Ein kan framleis sjå merka etter staden der kjempa spente ryggen imot og sparka til fjellet. Staden vert no kalla Kjemperyggen.

Relatert innhald

Generelt