Fagstoff

Draugens kamp med daudingane i Lurøy

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Sjøtrollet av Theodor Kittelsen. Teikning.Sjøtrollet teikna av Theodor Kittelsen  

I året 1837 hende det i Lurøy at tenestefolket på ein gard vart sitjande og drikke litt på julaftan etter at dei hadde ete kveldsmaten. Så vart det slutt på brennevinet, og ingen hadde lyst til å gå ned på bryggja for å hente meir, noko husbonden hadde gitt løyve til. Då tok gardsdrengen mot til seg og la i veg med kanna og loket i den eine handa og lykta og bryggjenøklane i den andre.

Han kom seg fint ned til sjøen, låste opp og fylte kanna. Men då han hadde stengt døra etter seg og skulle vende attende over bryggjebrua, sat der ein mann utan hovud og sperra vegen for han. Guten såg straks at det var draugen. Då han ikkje såg nokon måte å kome seg forbi på, slo guten til han med kanneloket slik at draugen datt ned av brua med eit skrik.

Guten gjekk vidare oppover sjøvegen. Brått får han høyre ein underleg lyd bak seg. Då han ser seg om, får han auge på umåteleg mange draugar som kjem opp av fjæra.

Kyrkjegarden ligg midt i vegen, og draugflokken vil innhente han dersom han spring utanom kyrkjegarden. Derfor hoppar han resolutt over kyrkjegardsgjerdet, spring over gravene og roper av full hals: – Opp, opp alle kristne sjeler og frels meg!

I same stunda slo klokka tolv midnatt, og jorda rista under føtene på guten. Då han vel hadde kome seg over gjerdet på den andre sida av kyrkjegarden, såg han seg på nytt attende. Han såg då draughorden kome setjande som ein saueflokk, og dei hoppa etter han over gjerdet for å ta han på sjølve kyrkjegarden. Men då draugane var vel inne på kyrkjegarden, vart dei mottekne av ein heil hær av daudingar som ville hjelpe guten og verne den innvigde plassen mot desse vanheilage trolla. Det vart ein hard kamp.

Daudingane brukte spildrer og fjøler av likkister som våpen, og draugane brukte tareleggar. Men guten torde ikkje sjå på. Bleik og halvt frå seg styrta han inn i drengestova til kameratane sine, sette det fylte kannemålet frå seg, kom seg snøggast råd opp på loftet og la seg med fellen over hovudet utan å seie eit ord.

Juledags morgon derimot, då han forstod at han ikkje hadde lidd nokon overlast, fekk han munnen på gli og fortalde kva han hadde opplevd om natta. Tenestefolket tvilte litt, men då dei saman med heile kyrkjelyden kom til kyrkjes, fekk dei syn for segn. Utover heile kyrkjegarden låg det strødd likkistefjøler, tareleggar og kobbespy, og ingen tvilte då lenger på at kampen mellom draugane og daudingane hadde bore til.

 

Relatert innhald

Generelt