Hopp til innhald

Fagstoff

Straumforsyning (PSU)

Straumforsyninga er den eininga som gir datamaskina straum til alle komponentar og tilkoplingar. Det hender at ho blir defekt og må skiftast. Då er det viktig at vi har kontroll på kva kablar og tilkoplingar som finst, sidan dei har mange ulike pluggar og kontaktar.
Mange leidningar ligg i ein haug framfor ein straumforsyningsboks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Val av straumforsyning

Det finst nokre kriterium å ta omsyn til ein skal velje straumforsyning (PSU – Power Supply Unit) til ei datamaskin:

  • Effekt (Watt): Ho skal kunne forsyne alle komponentane i maskina. Det finst òg ulike måtar dei ulike modellane utnyttar straum på.
  • Pris: Ein semimodulær PSU kostar ca. 750–1500 kroner.
  • Støy (dB): Vel gjerne ein støysvak modell om du har behov for det.
  • Storleik og fasong: Pass på at han passar i kabinettet.
  • Kabling: Det finst ulike standardar (modulær, semimodulær, ikkje-modulær).
  • Kjøling og luftgjennomstrøyming: Det er viktig at PSU-en får tilstrekkeleg med luft/kjøling. Då lever han lenger og støyar mindre. Ta omsyn til dette når du planlegg luftflyten i kabinettet.
  • Stabilitet: Vel ein PSU som er kjend for å vere stabil og haldbar over tid, då er sjansen mindre for at du må byte han ut.

Kva straumforsyning (PSU) bør ein velje? (Komplett.no)

Straum til skjermkort

Det første vi kan sjå på, er straumtilførsel til skjermkort. I dag er det tre moglegheiter for å sørgje for straum til skjermkortet. Den første er ei 8-pin-tilkopling, den andre er ei 6-pin-tilkopling, og den siste er inga tilkopling. I dag blir dei fleste straumforsyningar leverte med både 6-pin og 8-pin, men dette må ein forsikre seg om før ein kjøper ny.

Storleik

Det finst òg modulære straumforsyningar som lar deg velje kva type kabel du vil ha kopla til sjølve straumforsyninga. Dette gjer det ryddigare i kabinettet og lettare å halde oversikt. Storleiken på straumforsyninga varierer òg. Her finst det mange variantar, frå 250 W til 1500 W – alt til sin bruk. Ein gyllen regel er at du treng 500 W til grafikkortet og 50 W til kvar ekstra disk.

Bruk ein straumforsyningskalkulator til å rekne ut kor kraftig straumforsyning du treng (coolermaster.com).

Tilkoplingar

Her skal vi sjå på dei viktigaste pluggane til ei straumforsyning og kva funksjon dei har.

  • ATX 20-pin: Dette er ein eldre type, men nokre få hovudkort nyttar han enno, og dessutan mindre ITX- og M-ATX-kort.
  • ATX 24-pin: Dette er ein nyare type, og alle nye ATX-hovudkort nyttar 24-pin-tilkopling. Dei fleste av desse er likevel modulære, så ein kan ta av fire pinnar om det er behov for det.
  • ATX 4-pin: Dette er ei 12 V-tilkopling til hovudkort og er standard på alle nye kort.
  • Molex 4-pin: Dette er den eldre modellen for straumtilførsel til harddisk og DVD-/CD-rom. Han blir framleis brukt på enkelte SATA-harddiskar.
  • Berg 4-pin: Dette er ei tilkopling for diskettar, utgåande plugg.
  • 6-pin AUX: Dette er ein «auxilliary»-plugg.
  • 6-pin PCI Express: Dette er ei tilkopling for skjermkort med 6-pin-tilkopling.
  • 8-pin PCI Express: Dette er ei tilkopling for skjermkort med 8-pin-tilkopling.

Batteri og straumforbruk

Når vi bruker berbare datamaskiner, er vi meir opptekne av dette med straumforbruk og lading. Her er det ulike innstillingar du kan endre på maskina for å påverke straumforbruket. Gjer deg kjend med kva moglegheiter du har. Dersom du må skifte batteri i den berbare maskina di, gjer du ofte lurt i å koste på deg eit originalbatteri. Det finst ein del tredjepartsleverandører, men når du kjøper frå desse, risikerer du å kjøpe eit ustabilt batteri med kortare levetid.

«Meir batteritid» på berbar PC (Komplett.no)

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 15.03.2018

Læringsressursar

Maskinvare