Fagstoff

Grønsaker, frukt, bær og belgfrukter

Publisert: 24.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Matvaregruppe: Grønnsaker, frukt, bær og belgfrukter

Denne matvaregruppa inneheld matvarer som er bra for helsa vår, og som beskyttar mot mange ulike sjukdommar. Helsedirektoratet tilrår derfor minst tre porsjonar grønsaker og to porsjonar frukt og bær dagleg. Totalt blir det fem om dagen. Tilrådd inntak er på minst 500 gram per dag.

Bildet viser frukt og grøntHusk: Fem om dagen frå denne matvaregruppa!
Fotograf: Trygve Indrelid
   

Forskjellige typer bær. Foto. Her er det masse antioksidantar.  

Sjå videoar om frukt og grønt i matlaging:

Artiskokk 

Bønner 

Løk 

Ananas 

Gulrot 

Oppkuttede grønnsaker 

Juicing 

Grønnsakssaus 

Ovnsbakte grønnsaker 

Frukt og grønnsaker på idrettsarenaen 

Solbær 

Bringebær 

Jordbær 

Oppkuttet frukt 

Sitrusfrukter 

Krydderurter 

Slangeagurk 

Stilkselleri 

Tomater 

Litchi og rambutan 

Papaya 

Purre og vårløk 

Reddik 

Salater 

Fenikkel 

Fiken og dadler 

Granateple 

Jordskokk 

Kiwi 

Kål 

Blomkål 

Kålrot 

Bananer 

Brokkoli 

Epler  

 

Fleire filmar finn du under lyd og video i venstremenyen

Lag mat med "Bedre puls": Grønnsaker
Leverandør: NRK
  

Matvarer i denne gruppa gir deg

  • lite feitt
  • vitamin
  • mineral
  • kostfiber

Frukt og bær

Frukt og bær passar til dei fleste måltida, og det blir anbefalt at vi et dette dagleg. Frukt og bær kan

  • vere produserte i Noreg eller vere importerte
  • vekse vilt i Noreg (nokre bærtypar)
  • vere dyrka økologisk eller ikkje

Frukt og bær kan ha ulikt næringsinnhald avhengig av årstid, lagring og tillaging. Vi et mykje frukt og bær i form av syltetøy, saft og jus. Desse produkta kan vere tilsette ganske mykje sukker. Det finst mange ulike sortar frukt og bær, og du kan lese meir om dette på frukt.no.

Frukt og bær kan brukast

  • som dei er, for eksempel som eit mellommåltid
  • som dessertar, for eksempel som fruktsalat
  • som ingrediens eller tilbehøyr til kaker, for eksempel i eplekake
  • som tilbehøyr til middagen, for eksempel tytebær og pærer
  • som drikke, for eksempel saft, jus og smoothies
  • som pålegg, for eksempel syltetøy eller bananar

Grønsaker

  • kan delast i undergrupper - last ned Plakat - grønnsaker  
  • kan etast som eigne retter eller attåt kjøt- eller fiskeretter

Tørka belgfrukter

Dei fleste tørka belgfruktene bør leggjast i bløyt på førehand for å korte koketida og redusere gassdanninga i magen. Belgfrukter kan leggjast i kaldt vatn i 10–12 timar. Mindre belgfrukter, som linser, kan kokast utan at dei er bløytte først. Belgfrukter inneheld mykje protein og kan saman med andre vegetabilske matvarer erstatte proteinet i kjøt og fisk. Belgfrukter er også ei god kjelde til fiber. Sjå Belgfrukt for meir informasjon.

Utfordringar til deg


  1. Kvifor bør frukt og eventuelt bær vere ein del av den daglege kosten vår?
  2. Bruk Matvaretabellen for å finne ut kor mykje sukker det er i ulike typar syltetøy. Kva kan du lære av dette?
  3. Korleis kan du redusere mengda sukker i syltetøy og saft?
  4. Finn oppskrift på ein rett som inneheld frukt eller bær, og lag retten på kjøkkenet heime eller på skulen.
  5. Kva vil det seie at frukt og bær er økologisk dyrka?
  6. Les om grønsaker, frukt, bær og belgfrukter på Helsedirektoratet sine nettsider. Ta notat.
  7. Kvifor bør grønsaker vere ein del av den daglege kosten vår?