Begrep

Brosme

Publisert: 30.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Brosme

Brosma er ein saltvassfisk som i kroppsform minner om ei lita lange, men ho er meir lubben og har dessutan berre éin samanhengande ryggfinne. I Noreg er brosma vanleg i djupare fjordar på Vestlandet og langs kontinentalskråninga (eggakanten). Ho førekjem på 50–1000 meters djupn, men er vanlegast mellom 200–500 meter. Brosma søkjer seg til harde og djupe område, og ho held seg gjerne på same staden gjennom heile livet.

Brosma gyt mellom april og juni i eit område mellom Skottland, Færøyane og Island. Både egg og yngel flyt omkring like under overflata. Yngelen livnærer seg av plankton, mens vaksne brosmer lever av botnfisk og krepsdyr.

Næringsinnhald

Næringsinnhald per 100 gram beinfri brosme

Energiinnhald:
287 kJ eller 66 kcal

Næringsstoff (g):
Protein: 16,1

Feitt: 0,2
av dette:

metta feitt: 0,05
einumetta feitt: 0,04
fleirumetta feitt: 0,1
av dette:
omega-3 (n-3): 0,1
omega-6 (n-6): –
kolesterol: 53 mg

Karbohydrat: 0

Vitamin:
tiamin: 0,05 mg
riboflavin: 0,15 mg
niacin: 2,8 mg
B6: 0,3 mg
B12: 1 μg
A: 2 μg
D: –
E: 0,3 mg

Mineral:
kalsium: 37 mg
fosfor: 170 mg
jern: 0,1 mg
magnesium: 23 mg
kalium: 294 mg
sink: 0,4 mg
selen: 0,03 μg

Sesong: heile året
Storleik: opptil 110 cm og 15 kg

Med andre ord

Latin: Brosme brosme
Engelsk: Tusk, cusk
Fransk: Brosme
Tysk: Lumb

Bruken

Brosma blir seld som ferske eller frosne filetar eller lettsalta filetar. Brosma har eit fast fiskekjøtt med ein smak som kan minne om hummar, og ho kan lett lagast til i små stykke i woken. Kjøttet er saftig og fint, og i tillegg til steikte retter er ho veleigna i omnsbakte retter. Lettsalta filet kan kokast eller brukast som ingrediens i mange ulike retter.

Fangst og fangstreiskapar

Det norske fisket skjer heile året, i nord hovudsakleg langs eggakanten til cirka 72° N. Det blir òg teke litt brosme som bifangst i trål. Fisket i sør blir hovudsakleg gjort av banklineflåten frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Næringsinnhald

Brosma er ein mager fisk og ei god proteinkjelde. Ho inneheld òg mykje vitamin B12. Meir næringsdata kan du finne på www.nifes.no/sjomatdata .