Begrep

Blåkveite

Publisert: 30.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Blåkveite

Blåkveita er ein arktisk fisk som ikkje finst i vatn med høgare temperatur enn 4 °C. Ho liknar kveita, men blindsida er litt lysare enn augesida. Blåkveita lever av fisk, blekksprut og krepsdyr og er kjend for å kunne vandre langt.

Gyteområda for blåkveite strekkjer seg langs eggakanten mellom Vesterålen og Spitsbergen. Arten blir seint kjønnsmoden – hannen ved 4–5-årsalderen og hoa først ved 9–10-årsalderen. Oppvekstområdet er hovudsakleg ved Svalbard. Som vaksen, kjønnsmoden fisk lever ho langs eggakanten ved 600–1200 meters djup, men ho kan òg finnast på grunnare farvatn.

Næringsinnhald

Sesong: heile året, ho blir sjeldan seld fersk i sommarmånadene
Utbreiing: Nord-Atlanteren
Storleik: Hannfisken blir sjeldan over 70 cm og 4 kg, hofisken sjeldan over 100 cm og 13 kg.

Med andre ord

Latin: Reinhardtius hippoglossoides
Engelsk: Greenland halibut
Fransk: Flétan noir
Tysk: Schwartzer Heilbutt

Bruken

Blåkveita blir mest seld røykt, heil og i skiver. Røykt blåkveite passar best til koking eller i omnsbakte retter. Ho blir gjerne servert med lys saus og kokte grønsaker.

Fangst og fangstreiskap

Fisket etter blåkveite skjer frå eggakanten nordover til Prins Karls Forland på Svalbard. Bestanden har halde seg på eit lågt nivå gjennom dei siste 15 åra, men tek seg no sakte opp igjen. Fisket er strengt regulert i eit forsøk på å auke bestanden. Blåkveite blir fanga med botntrål, line eller garn.

Næringsinnhald

Innhaldet av omega-3-feittsyrer varierer med årstidene. Blåkveite er òg ei god kjelde til vitamin D.
Du kan finne meir næringsdata på www.nifes.no/sjomatdata .