Begrep

Uer

Publisert: 30.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Uer

Det finst tre artar av uer i norske farvatn. Dei som blir fiska for sal, er vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer (Sebastus mentella), mens lusuer (Sebastes vivipanus) er for liten (maks 32 cm). Ueren lever langs kontinentalskråninga på 100–500 meters djupn, men han er òg fanga på 900 meter. Han livnærer seg hovudsakleg av krepsdyr og fisk. Kjønnsmoden vanleg uer har næringsområdet sitt i Barentshavet, der paringa skjer i august–oktober. Egga blir derimot først befrukta i februar–mars. Han legg ikkje egg som dei fleste andre fiskar, men føder i staden levande avkom. Desse blir fødde på djupt vatn og er då 5–7 mm lange.

Næringsinnhald

Næringsinnhald per 100 gram beinfri uer

Energiinnhald:
395 kJ eller 94 kcal

Næringsstoff (g):
Protein: 17,1

Feitt: 2,8
av dette:

metta feitt: 0,6
einumetta feitt: 1,4
fleirumetta feitt: 0,7
av dette:
omega-3 (n-3): 0,7
omega-6 (n-6): 0,1
kolesterol: 43 mg

Karbohydrat: 0

Vitamin:
tiamin: 0,1 mg
riboflavin: 0,11 mg
niacin: 2 mg
B6: 0,2 mg
folat: 26 μg
B12: .. μg
A: 3 μg
D: –
E: 1 mg

Mineral:
kalsium: 21 mg
fosfor: 190 mg
jern: 0,3 mg
magnesium: 26 mg
kalium: 378 mg
sink: 0,2 mg
selen: 0,05 μg

Sesong: heile året
Storleik: opptil 100 cm og 15 kg

Med andre ord

Latin: Sebastes spp.
Engelsk: Redfish
Fransk: Sébaste, Chèvre
Tysk: Rotbarsch, Goldbarsch

Bruken

Ueren blir seld som ferske filetar, salta heil fisk eller filetar. Ferske filetar kan steikjast og grillast. Uer er òg ein utmerkt fisk til wokretter, og han taklar både chilipepar, kvitlauk og soyasaus. Salt uer passar derimot best til koking med tradisjonelt tilbehøyr som rotgrønsaker og potetar.

Bestand

Bestanden er rekna som sårbar, derfor er fisket strengt regulert.

Fangst og fangstreiskapar

Dei største uerfangstane blir tekne med garn, trål og snurrevad i Nord-Noreg. Bifangst av uer blir teke heile året over store delar av norsk økonomisk sone og i Svalbardsona.

Næringsinnhald

Feittinnhaldet i uer kan variere ein del, men vanlegvis er det cirka 1 gram omega-3-feittsyrer per 100 gram filet. Uer er i tillegg ei god proteinkjelde. Meir næringsdata kan du finne på www.nifes.no/sjomatdata.