Begrep

Steinbit

Publisert: 30.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Steinbit

Det karakteristiske kjevepartiet er ei naturleg tilpassing til menyen til steinbiten, som består av kråkebollar, muslingar, sniglar og krabber. Gråsteinbiten (Anarhichas lupus) førekjem hovudsakleg på steinbotn med tang, i gytetida ofte heilt opp i fjøra.

Steinbiten blir kjønnsmoden i 6-årsalderen. Gytinga skjer i perioden november–februar på 40–200 meters djup, tidlegast i nordlege og seinast i sørlege område. Rogna blir lagd på botnen og deretter vakta av hannen.

Flekksteinbiten (Anarhichas minor) er meir utbreidd i arktiske strøk.

Næringsinnhald

Næringsinnhald per 100 gram steinbit (etande del)

Energiinnhald:
401 kJ eller 96 kcal

Næringsstoff (g):
Protein: 17,6

Feitt: 2,8
av dette:

metta feitt: 0,6
einumetta feitt: 1,1
fleirumetta feitt: 0,9
av dette:
omega-6 (n-6): 0,2
omega-3 (n-3): 0,7
kolesterol: 55 mg

Karbohydrat: 0

Vitamin:
tiamin: 0,07 mg
riboflavin: 0,08 mg
niacin: 2,2 mg
B6: 0,3 mg
folat: Data manglar.
B12: 2 μg
A: 27 μg
D: 1,8 μg
E: 1,1 mg

Mineral:
kalsium: 13 mg
fosfor: 212 mg
jern: 0,2 mg
magnesium: 20 mg
folat: Data manglar.
kalium: 363 mg
sink: 0,9 mg
selen: 0,05 μg

Sesong: heile året
Storleik: opptil 120 cm og 26 kg

Med andre ord

Latin: Anarhichas spp.
Engelsk: Wolffish, catfish
Fransk: Loup de mer
Tysk: Katfisch

Bruken

Steinbit blir seld som ferske eller frosne filetar. «Ufisken» som folk ikkje ville ha, er i dag ein ettertrakta kulinarisk godbit. Han er fast i fisken og har derfor mange moglegheiter på kjøkkenet. Han toler å bli kutta i strimlar og bitar og kan steikjast i wok saman med grønsaker, krydder og kryddersausar. Steinbit kan steikjast, og på grillen er han enkel å handtere.

Fangst og fangstreiskap

Fangstinga skjer med botntrål, botnline eller botngarn i Barentshavet og på dei nordnorske bankane. Steinbit blir no òg produsert i oppdrett.

Næringsinnhald

Steinbit er ei god kjelde til vitamin A og B12. Meir næringsdata kan du finne på www.nifes.no/sjomatdata.