Begrep

Aure

Publisert: 30.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Ørret tatt på mark og haspelstang

Aure er eit namn som blir brukt om fleire artar av laksefisk. Dei finst i mange ulike former og med ulike levevis, mellom anna avhengig av miljøforholda dei lever under. Vi skil mellom sjøaure, ferskvassaure, bekkaure (bekkerøye) og regnbogeaure.

Ferskvassaure og sjøaure blir òg omtalt som «vanleg» aure og er i same slekta som atlantisk laks. Regnbogeauren blei innført til Europa frå USA på slutten av 1800-talet. Oppdrettsaure er i det alt vesentlege regnbogeaure, som eignar seg godt som oppdrettsfisk.

Den fullvaksne auren livnærer seg av sild og brisling, mens yngre aurar først og fremst lever av insekt og sniglar.

Næringsinnhald

Næringsinnhald per 100 gram beinfri aure

Energiinnhald:
672 kJ eller 161 kcal

Næringsstoff (g):
Protein: 18,6

Feitt: 9,6
av dette:
metta feitt: 2,1
einumetta feitt: 3,1
fleirumetta feitt: 3,3
av dette:
omega-3 (n-3): 2,4
omega-6 (n-6): 0,6
kolesterol: 55 mg

Karbohydrat: 0

Vitamin:
tiamin: 0,08 mg
riboflavin: 0,2 mg
niacin: 11,6 mg
B6: 0,7 mg
folat: 26 μg
B12: 5 μg
A: 30 μg
D: 13,6 ug
E: 1,9 mg

Mineral:
kalsium: 67 mg
fosfor: 245 mg
jern: 0,4 mg
magnesium: 25 mg
kalium: 420 mg
sink: 0,4 mg
selen: 26 μg

Sesong: mai–september. Oppdrettsaure blir omsett heile året.
Storleik: ferskvassaure opptil 80 cm, sjøaure opptil 100 cm, regnbogeaure opptil 120 cm
Vekt: Dei største aurane kan vege opptil 50 kg.

Med andre ord

Ferskvassaure/sjøaure:
Latin: Salmo trutta
Engelsk: Brown trout / Sea trout
Fransk: Truite d'Europe / Truite de mer
Tysk: Forelle/Meerforelle
Regnbogeaure:
Latin: Oncorhynchus mykiss
Engelsk: Rainbow trout
Fransk: Truite arc-en-ciel
Tysk: Regenbogenforelle

Bruken

Auren blir seld fersk eller djupfryst i skiver, filetar eller som heil fisk. Aurefileten blir kaldrøykt og varmrøykt, sukkersalta og spekt. Han passar godt til svært mange typar retter, for eksempel rå til sushi og sashimi, kokt, steikt og grilla. Han er utmerkt i wok- og gryteretter. Den kaldrøykte og varmrøykte auren kan brukast som pålegg eller i salatar, pasta eller i andre kombinasjonar.

Fangstreiskapar

Auren blir hovudsakleg fiska med garn eller fiskestong.

Næringsinnhald

Oppdrettsauren er i likskap med oppdrettslaks ein god fisk ernæringsmessig. Han inneheld mykje omega-3-feittsyrer og er rik på vitamina A og D. Meir næringsdata kan du finne på www.nifes.no/sjomatdata .