Fagstoff

Margjit Hjukse

Publisert: 18.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

 

Høyr bandet Gåte sin versjon av folkevisa på YouTube.

Ei trollvise frå Telemark

Denne versjonen av visa om den bergtekne jenta ber tydeleg preg av å stamme frå Aust-Telemark. Teksten er heimfesta til Sauherad.

Sterkare enn i dei fleste andre folkevisene viser diktaren medkjensle med den ulukkelege Margjit. Visa har på den måten noko moderne over seg, og det kan hende at ho ikkje er så mange hundre år gammal.

Landstad, som først fann visa, fortel om opphavet:

"Den gamle Hjardølskvinde, som kvad Visen, fortalte fullt og fast, at det var gaaet til på Hjuxe saaledes som Visen formelder, at Margit Hjuxe, en riig Gaardmandsdatter var bleven af. Men saa kom hun en Gang efter mange Aars Forløb hjem for at besøge sine Forældre, og fortalte hvorledes det var gaaet til; hun blev hentet tilbage af Bergekongen, og tok nu en rørende Afsked med sine Forældre, som hun aldrig skulde gjensee mere... Sagnet tilføier, at hun nu blev al sin Tid i Bjerget. Da hun døde af Sorg og Længsel, gik Bergekongen til Bø-Præsten og fortalte at det var Margits sidste Bøn og Begjæring, at hun måtte begraves i kristen Jord ved Bø Kirke, og at Bø Kirkeklokker, hvis Lyd saa ofte havde trængt ind til hende i Berget og trøstet hende, maatte ringe ved hendes Begravelse. Han bad da Præsten at give sit Minde hertil, men Præsten svarede, at siden hun havde givet sig ind i Berget, saa maatte hun blive der. Der var ingen Raad med det, hun kunde hverken faa Klokker eller kristen Jord."

skjul

 

Kjelde

Teksten er skriven ned av Moltke Moe og er her gitt att i modernisert utgåve av Knut Liestøl.

 

Ordforklaringar

reidde seg – budde seg
lauv uti bringa – lauvmønstra sølje
sylv – sølv
kje – ikkje,
tukka – trakk
gylte – forgylt
handtein – spinneredskap
bonni – barna
dikkon – dei
skrei loka ifrå – dra dørslåa ifrå

 

DEl I

1.
Hjukse den stoltaste gard i Sauherad var
— tidi fell meg long'e—
stolt Margjit var dott'ri oppå den gard
— Det er eg som ber sorgji så trong'e.

 

2.
Stolt Margjit ho reidde seg til kyrkja å gå,
so tok ho den vegen til bergjet låg.

3.
Som ho no kom fram med bergevegg,
då kom bergekongjen med det lange, kvite skjegg.

4.
Og bergekongjen tukka fram gylte stol:
"Set deg der, stolt Margjit, og kvil din fot!"

5.
Så gav han henne dei raude stakkar tvo
og lauv uti bringa og sylvspente sko.

 

6.
Møyane tolv dei reidde hennar hår,
den trettande sette gullkruna på.

 

7.
Så skjenkte han i av den klåraste vin:
"Drikk utor di, allerkjærasten min!"

 

8.
Så var ho i bergjet i dei åri ni,
ho fødde søner og døttar tri.

9.
Margjit ho sat med sin handtein og spann,
då høyrde ho Bøherads kyrkjeklokkur klang.

10.
"I bergjet hev eg vori i mange år,
no lengtar eg heim til min fa'ers gård."

 

11.
Stolt Margjit ho tala til bergekongjen så:
"Må eg få lov til min fa'er å gå?"

12.
"Ja, du må få lov til din fa'er å sjå,
men du må 'kje vera borte hot ein time hell två."

 

Del II

13.
Stolt Margjit ho gjekk den leii så long,
bergekongjen kom etter med hov og med tong.

 

14.
Som ho kom der gangande i gård,
hennar sæle fa'er ute fyr henne står.

 

15.
"Eg meiner det er Margjit, eg hadde så kjær!
å kjære mi dotter, å er du no der!"

 

16.
Tor Hjukse han tala til dotter si så:
"No hev du vori borte i fjorten år.

 

17.
No hev du vori borte i fjorten år,
og me hev gråti fyr deg så mang ei tår."

 

18.
Han leidde inn stolt Margjit med glede og gråt,
så sette han henne i sin mo'ers stol.

19.
Men då kom bergekongjen snøgt som ein eld:
"Kjem du kje heim att til bonni i kveld?"

20.
"Fare no vel då alle i min heim!
no kjem eg alli til dikkon meir."

21.
Stolt Margjit sette seg på gangaren grå,
ho gret fleire tårir hell hesten ha hår.

 

22.
Ho pikka på bergjet med fingrane små:
— tidi fell meg long'e—
"Statt opp mi eldste dotter, skrei loka ifrå!"
— Det er eg som ber sorgji så trong'e.

Relatert innhald