Hopp til innhald

Fagstoff

Å ta omsyn til fleire samfunnskontraktar

Ulike kulturar har ulike måtar å organisere samfunnet sitt på, dei har ulike samfunnskontraktar. Når forskarar vil forklare kva som skjer i forholdet mellom enkeltindivida i eit samfunn og den fellesskapen dei er ein del av, bruker dei ofte omgrepet «samfunnskontrakt». Ideen om samfunnskontrakten seier noko om forholdet mellom individet og staten som ein tenkt avtale eller kontrakt som forpliktar begge partar.

Den norske samfunnskontrakten oppmuntrar til at vi skal vere aktive i samfunnslivet og ta stilling i politiske spørsmål.

– Nordmenn med fleirkulturell bakgrunn glimrar ofte med sitt fråvær i interesseorganisasjonar og politiske parti. Det vil ikkje seie at dei gir blaffen i å bruke ytringsfridommen. Forskinga vår viser at mange er politisk aktive, fortel professor Mette Andersson, som har intervjua etterkomarar etter innvandrarar som engasjerer seg i antirasistisk arbeid.

– Tradisjonelt vil samfunnsengasjement her i landet seie at ein er med på dugnader eller i organisasjonar eller pressgrupper, til dømes miljøorganisasjonar eller politiske parti. Og dei mest taleføre tek del i den offentlege samfunnsdebatten i media. Ungdommane vi snakka med, arbeider ofte utanfor organisasjonane. Eller dei er aktive i organisasjonar som er knytte til det trussamfunnet dei høyrer til. Muslimar er til dømes ofte aktive i ungdomsgrupper i moskeen sin.

– Etterkomarar etter innvandrarar har vakse opp i Noreg, og dei fleste ser på seg sjølve som norske, seier Andersson. – Men i mange situasjonar unngår ein del å kalle seg norske, fordi dei opplever at etnisk norske ser på dei som framande. Dei blir sedde på som «annleis» nordmenn og må heile tida tenkje over kven dei er. Det er derfor ikkje tilfeldig at mange fleirkulturelle ungdommar engasjerer seg mot ulike former for diskriminering og forskjellsbehandling.

Andersson peiker òg på at det politiske engasjementet ikkje stoppar ved grensa til Noreg. Mange ungdommar med røter i den arabiske verda er aktive i politiske markeringar mot hijabforbod både i Noreg og i andre land, mot Israel si handtering av konflikten med Palestina og mot USA si rolle i Irak.

– Etterkomarane har lojalitetsband til andre land og kulturar, men er samtidig norske. Forskinga vår viser at det ikkje er noka motsetning mellom det å vere godt integrert i Noreg og det å ha lojalitet til andre kulturar. Bruker vi teorien om samfunnskontrakten her, kan vi seie at desse ungdommane tek omsyn til andre samfunnskontraktar i tillegg til den norske.

Relatert innhald

I velferdsstaten Noreg spleiser vi på mange gode som alle nyt godt av. Alle betaler skattar og avgifter, og alle får nytte offentlege tenester.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017

Læringsressursar

Du i samfunnet