Fagstoff

Villemann og Magnill

Publisert: 18.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Orfevs med sin lyreSongaren Orfevs med lyra si 

Tekst på vandring

Folkevisa Villemann og Magnill har klare likheitstrekk med den greske segna om Orfevs og Evrydike.

Les segna om Orfevs og Evrydike

"Songaren Orfevs vart gift med nymfa Evrydike. Ein dag ikkje lenge etter bryllaupet gjekk ho over ei eng. Der vart ho stungen av ein orm som låg løynd i graset. Ho døydde, og drog til skuggelandet. Men Orfevs tolka si sorg så fagert på lyra, at fuglane og dyra i skogen og jamvel tre og steinar følgde etter han. Til slutt fòr han ned til daudeheimen, og song så vedunderleg til lyra at Evrydike fekk lov til å følgje han attende, men berre på det vilkåret at han ikkje måtte snu seg og sjå etter henne før dei var heilt oppe på jorda. Dette heldt Orfevs til han såg dagslyset frå opninga i jorda; men då glytte han attom seg, og med det same kvarv Evrydike for alltid."

skjul

Denne segna var vidgjeten både i oldtida og i mellomalderen, og ho kom også til dei keltiske folkegruppene. I det engelske diktet Sir Orfeo vert den kvinnelege hovudpersonen teken inn i berget. Folkevisa Villemann og Magnill skildrar derimot ei bortføring til vannheimane: Det er nøkken som tek Magnill. Dette elementet finn vi i ei tysk-vendisk folkevise, Møya som druknar.

I ein annan versjon av folkevisa frå Vest-Telemark er det framande namnet Villemann erstatta med det heimlege Gaute. Vi finn visa om Gaute og Magnhild att på Island.

 

Kjelder

Teksten er skriven ned av Moltke Moe og er her gitt att i modernisert utgåve av Knut Liestøl.

 

Ordforklaringar

møy – her: festarmøy
prud – ven, staut
leika – spele
gulltavl – brettspel med terningar eller brikker av gull
bur – jomfrubur
lifleg – ljuvleg
gråta – gråte for
hold – her: min vene skapnad, mi kvite hud
folloge – lagnad
let si ferd i rekkje – ordne følgjet sitt i rad og rekkje
raut – fall, gleid
leik – slått, musikkstykke
den eine = Magnhill
dei tvo = søstrene til Magnill
sprakk i hardan stein – vart til stein
Jf.: "fly i flint" – verte til flintstein

 

Strofe 9:

Det er ikkje fyrst og fremst søstrene sine ho gret for, men fordi det er spådd at ho sjølv skal misse livet sitt på den same staden. I andre formingar av visa heiter det beint fram: "Det er spått eg skò drukne i Vendels å."


1.
Villemann og hass møy så prud,
dei leika gulltavl i hennar bur.
— Så liflig leika Villemann for si skjønn jomfru

2.
Kvòr gong gullterningjen rann omkring,
så rann det ei tår på Magnills kinn.

3.
"Græt'e du åker, ell græt'e du eng,
ell græt'e du det at du sov i mi seng?"

4.
"Græt'e du gull, ell græt'e du jord,
ell græt'e du det at du sat ved mitt bord?"

5.
"Eg græt inkje åker, eg græt inkje eng,
eg græt inkje det at eg sov i di seng."

6.
"Eg græt inkje gull, eg græt inkje jord,
eg græt alli det at eg sat ved ditt bord."

7.
"Eg græt'e meir fyr mitt kvite hold,
at det må kje koma i svartan mold."

8.
"Eg græt'e meir fyr mitt gule hår,
at det må kje rotne i Vendels å."

9.
"Eg græt'e så mykje fyr Blide-bru,
der sokk til bonns mine systrar tvo."

10.
"Magnill, Magnill still din gråt:
eg skò bygggje bru ivi Vendels å."

11.
"Eg skò byggje brui så håg og så ny
og setje derunde stolpar av bly."

12.
"Eg sko byggje brui så sterk og så håg
og setje derunde stolpar av stål."

13.
"Og alle mine sveinar skò ride i rad —
eg vaktar deg nok for det kalde bad."

14.
"Å, du må byggje om du vil, unde sky:
det kan ingjen ifrå si folloga fly!

15.
Du må byggje av bly, du må byggje av stål:
det kan ingjen si folloga fly ifrå!"

16.
Villemann let si ferd i rekkje,
fir' og tjuge fyre og fir' og tjuge etter.

17.
Då dei kom midtepå håge bru,
då snåva hennar gangar i raude gullsko.

18.
Gangaren snåva i raude gullsaum,
og jomfruva raut åt stride straum.

19.
Stolt Magnill slo opp med kvite hand:
"Å Villemann, Villemann! hjelp meg i land!"

20.
Villemann tala til smådrengjen sin:
"Du hentar meg horpa i raude gullskrin!"

21.
Fram kom horpa så vent ho let
alt sat Villemann, sårt han gret.

22.
Villemann gjeng'e for straumen å stå,
meistarleg kunne han gullhorpa slå.

23.
Han leika med lenpe, han leika med list:
fuglen dåna på ville kvist.

24.
Han leika med lempe han leika med gny:
det gjallar i berg, og det rungar i sky.

25.
Villemann leika så lang ein leik:
då rivna borkjen av or og eik.

26.
Han leika av topp, han leika av tre,
han leika honni av kvike fe.

27.
Han leika med vreide og leika med harm,
han leika Magnill av nykkjens arm.

28.
"Der hev du den eine, der hev du dei tvo,
lat meg no hava mitt vatn i ro."

29.
"Velkomi den fysste, velkomne dei tvo!
men alli skò du hava ditt vatn i ro! "

30.
Villemann leika og horpa skein,
nykkjen han sprakk i hardan stein.

31.
Dei fysste ordi som Magnill tala:
"Sæl er den mo'er slik son må hava!"

32.
"Sæl er den mo'er slik son'e å,
endå sælar den honom må få!"
— Så liflig leika Villemann for si skjønn jomfru

 

Relatert innhald