Fagstoff

Olav og Kari

Publisert: 18.12.2013, Oppdatert: 03.03.2017

Visste du ...

at Hans Kinck har sagt om Olav og Kari at ho er: "den ypperste vise i all balladens kunst, den strengeste og renest gotisk byggede, et enestående herlig verk"?

 

Om folkevisa Olav og Kari 

Eit drama i tre akter

Olav og Kari har ei klar dramatisk oppbygging. Strofe 1 til 10 utgjer første akt, strofe 11 til 26 andre akt, og strofe 27 til 33 tredje akt. Dramaet utviklar seg akt for akt til det endar med at Jomfru Maria feller ein endeleg dom over deltakarane i himmelriket.

 

Kjelde

Olav og Kari vart skrive ned av Molkte Moe, og vert her gitt att i modernisert utgåve av Knut Liestøl.

 

Ordforklaringar

sjå – vitje
fyrr – før
drikke bå'e mjø' og vin = poetisk omskriving for å nyte den høgaste lykke
hosse – korleis
gifte – kone
sosso – såleis
kvòr – kvar
jol – jul
elv – alv
med elveside – mellom alvane, jamsides med dei
beislering – hovudlag til hest
frånarorm – glinsande orm
gangare – hest
halline – bakkane
skodde si hond – tok på seg hanske
syrjeleg – sorgfull
tynnyrtein – tornegrein
holdet seig – det vart søkk i kjøtet
hjartespreng – hjartet brest
tvær – vaskar

 

Strofe 5:

Jula var den største høgtida i året, den tida som var rikast på nytingar.

 

Strofe 6:

I denne og dei neste strofene er Kari skildra som trollkvinne av mora til Olav.

 

Strofe 10:

Det er like naturleg at ein son må tru på mor si som at graset gror på jorda.

 

Strofe 28:

tukke fram ein stol: å trekkje fram ein stol til gjesten er framleis skikk i Telemark når det kjem framande. Telebøndene har ført over til himmeriket deira måte å ta imot ein gjest på – her er det Jomfu Maria som "tukkar fram ein stol" til Kari.

 

Strofe 33:

Den siste bønna går for vidt for Jomfru Maria!

 

I

1.
Olav sat heime i åtte år,
— Trø meg inkje for nære —
fyrr han ville si mo'eri sjå.
— På volden dansar mi jomfru.

2.
Det niende tek'e til lide,
han ville til si mo'eri ride.

 

II

3.
"Høyrer du Olav, sonen min:
hosse likar du gifta di?"

4.
"Sosso likar eg gifta mi,
som eg drikk'e bå' mjø' og vin.

5.
"Sosso likar eg gifta god,
som kvòr den dagjen å drikke jol."

6.
"Eg såg henne Kari ride
i gjår med elveside.

7.
Ho ha'e kje anna til hest
hell kvite bjønnen ho lika best.

8.
Ho ha'e kje anna til beisle-ring,
hell frånarormen ho slengde ikring."

9.
"Det mune dei på henne ljuge —
gud nå'e den som slikt trudde!"

10.
"Hosse kan graset på jordi gro,
når sonen inkje mo'eri tru?"

 

III

11.
Olav spring på gangaren grå,
så hastig ri'e han derifrå.

12.
Kari ho ser seg ut så vide,
så ser ho 'n Olav etter halline ride.

13.
Ho gjordest bå' blå og bleik:
"No ser eg Olav at han er vreid!"

14.
Ho skodde si hònd, ho skodde sin fot,
så gjekk ho sin herre syrgjeleg imot:

15.
"Høyrer du Olav, herren min:
hot tiend fekk du hjå mo'eri din?"

16.
"Ho sa ho såg deg ride
i gjår med elveside.

17.
Du ha'e kje anna til hest,
hell kvitebjønnen du lika best.

18.
Du ha'e kje anna til beislering,
hell frånarormen du slengde ikring."

19.
"Det mune dei på meg ljuge —
gud nå'e den som slikt trudde!"

20.
"Hosse kan graset på jordi gro,
når sonen må inkje mo'eri tru?"

21.
Han la til henne med tynnyrtein,
serkjen revna, og holdet seig.

22.
Han la til henne med tynnerkvast,
serkjen revna, og holdet brast.

23.
"Olav, Olav, slå inkje leng'!
No hev eg fengji min hjartespreng."

24.
Han tok 'a Kari i sitt fang,
så bar han henne på silkjeseng.

25.
"Du dreg'e serken utor blodet,
du sender han til mi mo'er!

26.
Du bed, ho tvær han rein'e
og gifter kje døttar fleire!"

 

IV

27.
Kari kom seg til himmelriks dør,
jomfru Mari slepte 'a innafyr.

28.
Jomfru Mari tukka fram ein stol:
"Sit, liti Kari, og kvil din fot!"

29.
"Du tar inkje rydje sess fyr meg,
eg er inkje for god til stande fyr deg.

30.
Er er inkje trøytt, eg kan vel stå, —
men må Olav himmerikje få?"

31.
"Sit, liti Kari, og kvil deg på —
Olav han skò himmelrikje få."

32.
"Er er inkje trøytt, eg kan vel stå, —
men må Olavs mo'er himmerikje få?"

33.
Jomfru Mari ho svara så:
— Trø meg inkje for nære —
"Olavs mo'er kan kje himmerikje få."
— På volden dansar mi jomfru.

 

Relatert innhald

Aktuelt stoff for

Aktuelt stoff

Generelt