Rettleiing

Om dette kapitlet

Publisert: 17.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Storbyen

– staden som symboliserer livet i moderniteten og postmoderniteten.

 

Det er ikkje utan grunn at nettopp storbyen alltid har vore eit ynda tema hos modernistiske og postmodernistiske forfattarar.

Times Square i New York. Foto.Times Square, New York City, USA   

Innhald

Et sentralt mål i læreplanen for Vg3 er at du skal kunne

  • analysere, tolke og samanlikne eit utval av sentrale norske og nokre internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng
Kor mange oppgåver bør du arbeide med?

 

Du får neppe tid til å løyse alle oppgåvene i kapitlet. Læraren din set sikkert opp ein plan for arbeidet. I tillegg kan du kanskje velje noko som du synest verkar særleg interessant?

 

Elles tilrår vi at du les introduksjonstekstane til alle oppgåvesidene i kapitlet, uavhengig av om du skal løyse oppgåvene eller ikkje. På denne måten får du skaffa deg god oversikt over sentrale forfattarar.

I dette kapitlet finn du lærestoff, videoklipp, tekstar og oppgåver som dekkjer delar at dette målet på ein grundig måte.

Slik er kapitlet bygd opp

Kapitlet opnar med ein gjennomgang av modernismen som kulturelt straumdrag og litteraturhistorisk periode. Denne innleiande delen er på fire sider:

  • Modernisme
  • Modernismen og det moderne prosjektet
  • Modernismens mange ismar
  • Postmodernisme

Oppgåvene

Etter fagstoffsidene kjem oppgåvene. Dei er delte inn i fire bolkar:

  • Oppsummeringsspørsmål
  • Lyrikken: Frå by-slam til poesi-slam
  • Romanen: Frå indre røyndom til medierøyndom
  • Dramaet: Frå Ibsen til Fosse
Les meir

Oppsummeringsspørsmåla

Til kvar av fagstoffsidene om modernismen finst det oppsummeringsoppgåver. Desse oppgåvene har same namn som fagstoffsidene dei høyrer saman med.

Litteraturoppgåvene

Litteraturoppgåvene er ordna etter sjanger (lyrikk, roman og drama), og deretter kronologisk innanfor kvar sjanger slik at du møter dei eldste tekstane først.

skjul