Oppgåve

Franz Kafka: Prosessen

Publisert: 22.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Portrett av forfattaren Franz KafkaFranz Kafka (1883–1924)  

Introduksjon

Forfattaren Franz Kafka (1883–1924) blei født og levde i Praha i Tsjekkia, som fram til 1918 var ein del av dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Familien til Kafka var jødisk, og morsmålet hans var tysk.

 

Kafka stilte svært høge krav til forfattarskapen sin. Han gav ut lite mens han levde, og ville at alle manuskripta hans skulle brennast etter hans død. Heldigvis er ein del av tekstane hans bevart. I videoklippet nedst på denne sida får du vite meir om litteraturen han skreiv.

 

Oppgåve

Franz Kafka: Prosessen

Parabel

Ein parabel eller likning er ei kortare biletleg forteljing som inngår i ein annan tekst, som til dømes likningane i Bibelen.

 

Parabelen hentar gjerne handlinga frå dagleglivet. Handlinga skal oppfattast som eit bilete på noko anna, til dømes ei djupare religiøs røynd eller eit allment etisk prinsipp.

 

Men kva det er teksten eigentleg handlar om, må lesaren sjølv finne ut av.

Sjå videoklippet Lesekunst 8 (nedanfor).

 

  1. Når kom romanen Prosessen ut?
  2. Hovudpersonen i romanen heiter Josef K. Kva signaliserer det faktum at Josef K. berre har ein bokstav til etternamn?
  3. Boka handlar om ei rettssak mot hovudpersonen. Kvifor blir Josef K. arrestert? 
  4. Kvifor kan han ikkje prove at han er uskyldig?
  5. Adjektivet kafkaesk har blitt eit fast uttrykk i mange språk. Kva tyder ordet? Og kva kan vere årsaka til at nettopp dette ordet har blitt teke i bruk i mange ulike land?
  6. Kva slags opplysningar om bakgrunnen til Kafka får vi i videoen?
  7. Korleis kan bakgrunnen til Kafka ha verka inn på forfattarskapen hans?
  8. Ein geistleg fortel Josef K. parabelen om mannen og Lova. (Du finn parabelen på sidene 193–194 i Prosessen.)
    • Kva trur du "Lova" er for noko?
    • Finst det nokon grunn til at mannen ikkje slepp inn til Lova, men er forvist til å vere utanfor heile livet?
  9. Peik på typisk modernistiske trekk ved tematikk og form i romanen Prosessen.

NRK-programmet Lesekunst 8 handlar om tre modernistiske forfattarar: Marcel Proust, Virginia Woolf og Franz Kafka. Heile programmet er på om lag 30 minutt, og det er den siste delen som handlar om Kafka.

 

Du kan setje filmen på pause ved å klikke på biletruta.

Lesekunst 8: Modernismen  

Relatert innhald

Generelt