Hopp til innhald

Fagstoff

Rasisme

Kva er rasisme? Medan raseomgrepet tidlegare blei biologisk grunngitt, ser vi no at omgrepet vert knytta opp mot kultur, religion og språk. I Noreg er institusjonell rasisme blitt mindre, men vi ser mykje kvardagsrasisme.
Bilde av en benk med teksten "Pakkis go home" malt på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rasisme kan definerast som «... ideen om at det finst ulike rasar eller etniske grupper som har ulike eigenskapar, og at desse ulikskapane legitimerer negativ forskjellsbehandling». (Frå nettsida til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

I følgje boka Hva er rasisme? av forfattarane Cora Alexa Døvig og Sindre Bangstad (Universitetsforlaget, 2015) har rasisme desse tre viktige kjenneteikna:

  • Å inndele en befolkning i ulike kategorier der noen gis negative essensielle trekk.
  • Å redusere et individs identitet til de gitte negative karaktertrekkene for en kategori.
  • Å bruke de negative karaktertrekkene som argument for underordning og diskriminering.

Rasetenking

I kolonitida var rasisme knytt til forestillinga om at folk med anna hudfarge var barbariske heidningar og villmenn. Raseomgrepet har sidan starten av 1900-talet ofte vore grunngitt i biologi.

Men allereie i 1930-åra avviste biologien omgrepet heilt og såg på det som ein sosial konstruksjon. I midten av det førre hundreåret grunngav nasjonalsosialismen i Tyskland mykje av ideologien sin i denne rasetenkinga. Rasisme har ofte tilknyting til nazisme eller apartheid.

I vår tid er dei fleste forskarar samde om at det ikkje finst noko vitskapleg grunnlag for å dele menneske inn i ulike rasar. Det er brei semje om at rase ikkje er eit biologisk fenomen, men eit omgrep basert på sosiale og kulturelle forhold.

Forskjellsbehandling

Mange minoritets- og majoritetsungdommar tenkjer fort på diskriminering og rasisme ut frå motsetningane «svart – kvit» eller «farga – kvit». Men rasisme finst også mellom kvite, mellom svarte, og det er noko som finst i alle land i verda.

I landet vårt opplever til dømes mange samar og reisande (taterar) enno rasistiske haldningar, sjølv om systemisk og politisk diskriminering har blitt historie.

Institusjonell rasisme og kvardagsrasisme

Eitt døme på institusjonell rasisme var paragraf 2 i Grunnloven frå 1814 til 1851, der jødar var nekta åtgang til landet vårt. Kunstnaren Stian Omland har brodert flagget og Grunnlovsteksten og markert der denne paragrafen kjem inn.

Paragraf 2 i Grunnloven fra 1814 - 1851
Opne bilete i eit nytt vindauge

I landet vårt opplever til dømes mange samar og romfolk enno rasistiske haldningar, sjølv om systemisk og politisk diskriminering er blitt historie. Rasisme som botnar i institusjonane i samfunnet ser vi i liten grad i dag, men det som vi kan definere som kvardagsrasisme ser vi mykje av.

Kvardagsrasisme byggjer på referansar til andres kultur og religion som trugslar. Veldig ofte vil grunnane ein gir overlappe kvarandre. I kommentarfelta i media er det mange hatefulle ytringar, og dei må ofte stengjast.

I 2014 var det premiere på ungdomsfilmen Natt Til 17., der to 15-årige gutar med minoritetsbakgrunn kjempar om den same jenta, ei helnorsk, kvit jente. I klippet som ble lagt ut på YouTube kyssar jenta Sam, som har somalisk bakgrunn. Kommentarfelta kom det mange rasistiske ytringar, og kva var grunnane? Var det det faktum at Sam var svart, var det at han hadde somalisk opphav, eller at han var muslim? Eller kanskje alt saman?

Forskjellsbehandling på grunn av kjønn

Forskjellsbehandling på grunn av kjønn har vore kalla sexisme. Også her er det medfødde biologiske skilnader som blir lagde til grunn for diskrimineringa.

Kultur som raseomgrep

Å forskjellsbehandle på grunn av hudfarge er like ulogisk som å forskjellsbehandle på grunn av augefarge. I dag er det meir vanleg å grunngi forskjellsbehandling i kultur, språk og religion. Derfor er det nokon som hevdar at kultur er vår tids raseomgrep, og at dette bør få konsekvensar for definisjonar av rasisme.

Rasisme høyrer nøye saman med sterotypiar og fordommar. Tenk over korleis.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019

Læringsressursar

Arbeidsliv