Oppgåve

Erlend Loe: L

Publisert: 07.09.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Portrett av forfattaren Erlend LoeErlend Loe (1969-) 

Erlend Loe har gitt ut en rekke voksenromaner og barnebøker. I tillegg skriver han filmmanus.

 

Introduksjon

Erlend Loe er født i Trondheim i 1969 og debuterte i 1993 med romanen Tatt av kvinnen. Saman med suksessen Naiv. Super frå 1996 sørgde han for at Loe blei en av 1990-talets store litterære suksessar – elska av både publikum, kritikarar og litteraturvitarar.

 

Mange peikte ut Loe som ein talsmann for ein heil generasjon ungdom – da spesielt menn. Ungdomskulturen på 1990-talet var prega både av ein ironisk distanse til verda og av ei medvite naiv haldning til både samfunn og menneskelege relasjonar – ein generasjon unge som var utan opprørstrong eller lengt etter vaksenlivet. Dei ønskte å vere ungdom lengst mogleg og sleppe å forhalde seg til vaksenlivets krav og plikter. Desse unge, ofte omtalte som generasjon x eller ironigenerasjonen, levde også med vissa om at dei i liten grad hadde bidrege til å utvikle det samfunnet og den velstanden dei levde i og opplevde som naturleg.

 

Erlend Loes tekstar er minimalistiske, ordfattige og nærmast stikkordsaktige. Dei er fulle av ”dei bitte små forteljingane” – forteljingar som kan verke så enkle og kvardagslege at dei umogleg kan danne utgangspunkt for ein heil roman.  Men det er nettopp slike episodar Loe byggjer det litterære universet sitt rundt.

 

Oppgave

Erlend Loe: L

Les den korte meldinga av romanen L, eller les Wikipedia-artikkelen om romanen.

 

  1. L er ein såkalla halvdokumentarisk roman. Kva vil det seie? (Du kan for eksempel slå opp ordet i Bokmåls- og nynorskordboka).
  2. Erlend Loe skriv om ein ekspedisjon han og nokre venner har gjennomført. Handlinga i boka er ein parodi på ein av ekspedisjonane til Thor Heyerdahl. Kva for ein ekspedisjon er Thor Heyerdahl særlig kjend for, og kva ville han prove med denne ekspedisjonen?
  3. bokhylla.no finn du romanen L. Bla deg fram til side fire. Der står det ein såkalla epigraf (eit sitat som kommenterer innhaldet i boka).
    • Kva er ordlyden i epigrafen?
    • Kva for ein postmodernistisk filosof har hevda at "dei store forteljingane er døde"? (Du finn namnet hans på fagsida om postmodernismen.)
    • Og kva meinte han med "dei store forteljingane"?
    • Korleis tolkar du epigrafen?
  4. Etter epigrafen kjem det ein prolog. Kva er ein prolog?
  5. Er prologen og epigrafen nye eller gamle sjangrar?
  6. Les prologen i L. I denne prologen omtaler Loe den venetianske handelsreisande og oppdagaren Marco Polo (ca. 1254–1324).
    • Kva er det forfattaren misunner Marco Polo?
    • Hva slags hendingar er det som fyller livet til forfattaren?
    • Korleis vurderer han skriveverksemda si?