Oppgåve

Gro Dahle: Si at du stapper moren din opp i en koffert. Hva får du da?

Publisert: 18.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Portrett av forfatteren Gro DahleGro Dahle (1962-)

Introduksjon

 

Allereie på 1960-talet hadde Jan Erik Vold og dei andre profilmodernistane begynt å skrive om kvardagslege emne og å leike med ord og tekst. Denne leikenheita blei utvikla vidare i den postmodernistiske lyrikken.

 

Lyrikarar som Triztan Vindtorn (1942–2009), Øyvind Berg (1959–) og Gro Dahle (1962–) skreiv ”nonsensdikt” utan meining i vanleg forstand, dei blanda tekstar frå populærkulturen inn i den tradisjonelt så høgkulturelle lyrikksjangeren, og dei eksperimenterte med musikk og performance.

 

 

Oppgåve 1

Gro Dahle: Si at du stapper moren din opp i en koffert. Hva får du da?

Les diktet "Si at du stapper moren din opp i en koffert. Hva får du da?" av Gro Dahle. (Lenkje til diktet finn du i relasjons-feltet.)

 

  1. Kva trur du forfattaren meiner når ho skriv om "å stappe moren sin opp i en koffert"?
  2. Korleis tolkar du dei tre siste linjene, "men hun er fortsatt med / halvt skjult / mellom øyebrynene dine"?
  3. Korleis vil du karakterisere mor-barn-forholdet som blir skildra i dette diktet?
  4. Kor gammalt trur du dette barnet er?
  5. Peik på humoristiske og alvorlege trekk ved teksten.

 

Oppgåve 2

Skriv sjølv

Diktet "Si at du stapper moren din opp i en koffert. Hva får du da?" er henta frå samlinga Regnværsgåter (1994). Alle dikta i samlinga er forma som gåter. Les nokre av dei og la deg inspirere til å skrive di eiga regnvêrsgåte!

Relatert innhald