Oppgåve

Gunvor Hofmo: Det er ingen hverdag mer

Publisert: 18.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Portrett av forfattaren Gunvor HofmoGunvor Hofmo (1921–1995)

Introduksjon

Etter den andre verdskrigen befann Europa seg i ein slags nullpunktstilstand, ein tilstand av forvirring og håpløyse med tanke på samtida og framtida. Korleis kunne ein framleis tru på menneskeleg fornuft og godleik etter Auschwitz? Dersom den teknologiske utviklinga kunne gi oss Hiroshima og Nagasaki, korleis var det da mogleg å påstå at denne utviklinga var til det beste for menneska? Og når vanlege menneske begikk overgrep og krenkte grunnleggjande menneskerettar i nazismens og fascismens namn – kor frie var vi menneske da eigentleg?

 

Gunvor Hofmo (1921–1995) er ein av forfattarane som skreiv lyrikk om den store tomleiken og det desperate skriket som fylte menneska etter denne destruktive krigen.

 

 

Oppgåve

Gunvor Hofmo: "Det er ingen hverdag mer"

Les diktet "Det er ingen hverdag mer" av Gunvor Hofmo og svar på spørsmåla.

 

  1. Kva meiner vi med at verda befann seg i ein ”nullpunkts-tilstand” etter den andre verdskrigen?
  2. Kva vil du seie er tema i diktet "Det er ingen hverdag mer"?
  3. Peik på modernistiske og tradisjonelle trekk ved diktet.
  4. Les Jan Erik Volds artikkel om Gunvor Hofmo i Store norske leksikon, og finn biografiske opplysningar om korleis den andre verdskrigen ramma menneske som stod forfattaren nær.