Oppgåve

Sigbjørn Obstfelder: Jeg ser

Publisert: 18.08.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Portrett av forfattaren Sigbjørn ObstfelderSigbjørn Obstfelder (1866-1900) 

 

Introduksjon

Den norske diktaren Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) skreiv allereie på 1890-talet ei rekkje prosalyriske tekstar. Men mest kjend er han nok for diktet ”Jeg ser”, eit dikt der han bryt med dei tradisjonelle krava til fast rytme, enderim og strofe-inndeling i lyrikken.

 

Som hos Charles Baudelaire er motiva hos Obstfelder ofte henta frå eit bymiljø. Obstfelder skildrar dei negative sidene ved det moderne samfunnet: Den teknologiske utviklinga og urbaniseringa har rive menneska opp med røtene. Dei føler seg heimlause, einsame og framandgjorde i byen.

 

 

  

 

Oppgåve 1

Sigbjørn Obstfelder: Jeg ser

Du kan også lytte til diktet "Jeg ser" her:

 

"Jeg ser" av Sigbjørn Obstfelder  

Gå til den lyrikkhistoriske tidslinja (lenkje i relasjonsfeltet) og vel perioden "Tidleg modernisme". Der kan du høyre og lese diktet "Jeg ser". Du finn også kommentarar til både perioden og diktet. Desse kan du bruke for å svare på oppgåva – om du vil.

 

  • Korleis opplever det lyriske eg-et i Obstfelders dikt ”Jeg ser” det moderne bylivet rundt seg?
  • Kva for verkemiddel bruker diktaren for å skape samanheng og understreke innhaldet i teksten?

 

Oppgåve 2

Skriv din eigen versjon av "Jeg ser"

Alternativ 1

Bruk Obstfelders tekst som mønster, men la eg-personen observere noko eit menneske av i dag kan oppleve som framandt, underleg eller skremmande.

 

Alternativ 2

Lag ein versjon som står i sterk kontrast til originalteksten. Nokre forslag: humor, parodi, eit positivt syn på byen, metafiksjon (kommentarar til skriveprosessen eller til teksten inni sjølve diktet). Du avgjer sjølv korleis diktet ditt skal bli, men det må vere lett å sjå kva for ein tekst som har vore førebiletet.

 
Relatert innhald

Aktuelt stoff