Fagstoff

Yrkesfagleg fordjuping

Publisert: 08.07.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Yrkesfagleg fordjuping

 

På vg1 er det viktig å skaffe seg kunnskap rundt ulike materiale og teknikkar som du seinare vil ha nytte av knytt til ditt val av yrke.

FrisørFrisørelever jobbar med modellhovud.

Design og handverk Vg1 kan vere starten på å utdanne seg til eit sekstitals yrke. Her vil du finne noko innhald om nokre av dei mest populære.

Kanskje er du ein av dei som allereie har bestemt deg for kva du vil bli, og derfor vil jobbe målretta med det faglege innhaldet som er mest relevant for nettopp det yrket.Kanskje er du ein av dei mange som ikkje heilt veit kva slags yrke du kan tenkje deg. Men du har alltid vore flink til å forme ting med hendene, og kan godt tenkje deg å begynne med eit praktisk handverk.

Det er for deg vi har laga desse fagsidene, som viser mange av utdanningane som det er laga Vg2-fagplanar for, eller dei elleve av tretten såkalla særløpsfaga som du må starte i lære etter Vg1 for å utdanne deg til. 

Lærling eller lærekandidat

Den ordninga som gir minst formell kompetanse heiter opplæringskontrakt. Dette er ein avtale med bedrifta som er meir individuelt tilrettelagt, ettersom eleven sannsynleg ikkje vil greie alle kompetansemåla innan avsatt tid. Eleven er ein lærekandidat som ikkje vil få fagbrev. På slutten vil eleven ha ei kompetanseprøve som dokumentera grunnkompetansen. Som lærekandidat kan ein undervegs oppgraderast som lærling om ein ser det er mogleg.

Den tradisjonelle lærekontrakta som føre fram til fag- eller svenneprøve som byggjer på kompetansekrava i læreplanen i faget, kallas lærling. Du har status som lærling etter å ha gått eit eller to år i vidaregåande opplæring på yrkesfag, og skal etter to eller tre år ta ei fag- eller svenneprøve som igjen gir deg svenne- eller fagbrev. For å gå opp til prøva må du ha bestått alle programfag og fellesfag.

Lykke til med val av yrke!

Mange av dei yrka Design og handverk Vg1 kan føre til er ”smale”. Det vil seie at det er få bedrifter og få yrkesutøvarar innanfor mange av desse handverksyrka. Har du bestemt deg for kva du vil satse på, og det er vanskeleg å finne ei bedrift som vil ta inn lærlingar, kan du kontakte Norsk Handverksutvikling på Maihaugen i Lillehammer eller opplæringskontoret i det fylket du bur i. Faglærar og rådgivar på skolen vil sikkert kunne hjelpe deg.

Å velje eit yrke er eitt av dei viktigaste vala vi gjer i livet. Heldigvis er det mogeleg å ombestemme seg undervegs. Vårt håp er at desse sidene skal gjere det lettare for deg å velje rett første gongen.

Oppgåver

Aktuelt stoff for