Fagstoff

Metodar for å fange smådyr på bakken og i lufta

Publisert: 05.07.2011, Oppdatert: 04.08.2017
Innsamling av insekt

Det finst eit yrande liv av ulike smådyr både på bakken, i buskar og tre og flygande i lufta. Det er ikkje alltid like lett å sjå dei, men det finst ei rekkje metodar som gjer at smådyra blir lettare å finne, fange og observere.

Ei teikneseriestripe.Tommy og Tigern lagar insektsamling. 

Pinsett, kniv og annet småutstyr som er greit å ha med ut i felten.Utstyr som kan være kjekt å ha med ut i felten. 

Insektsuger under barkInsektsugarar kan vi bruke til å suge fram insekt som er under bork og mose. 

soll for sikting av strøSåld kan vi bruke til å finne dyr som er i strøfall. 

Kort filmsnutt om korleis vi kan bevege håven i eit åttetalsmønster. 

Barberfelle utsatt i åkerenBarberfelle som er sett ut i en eng. 

Skisse av en enkel vindusfelleEi enkel vindaugsfelle laga av blankt glas og takrenner.

Når vi skal ut å sjå på smådyr, er det mykje utstyr som kan vere greitt å ha med for at jobben skal bli lettare. Dette er utstyr som pinsettar, luper, boksar og glas til oppbevaring (dramsglas), knivar og bestemmingslitteratur. I tillegg har vi under her beskrive ulike innsamlingsmetodar som kan brukast:

Insektsugar (aspirator)

Heimelaga insektsugar.Heimelaga insektsugar. Insektsugar kan vere greitt å bruke til å samle inn små insekt som kan vere vanskelege å ta opp med fingrane eller med pinsett. Ein enkel insektsugar kan lagast ved hjelp av eit glas med kork. I korken kan vi bore to hòl, og gjennom desse hòla plasserer vi to gummislangar. I enden av den slangen vi syg i, kan det vere lurt å feste eit gasbind slik at dyra ikkje blir med inn i munnen.

Banking på greiner og stammar

Mange smådyr lever i buskar og tre. Viss du legg ein kvit duk under buskar og tre og deretter  bankar, slår og rister på greiner og stammar, vil du få dyra til å falle ned og bli lett synlege på det kvite underlaget. Dei dyra som fell ned, kan plukkast opp med pinsett eller insektsugar og eventuelt plasserast i glas.

Under bork og stein

Lyft på steinar, greiner og stammar som ligg på bakken. Det er mange dyr som lever og finn skjul under desse. På døde tre og stubbar kan vi finne smådyr ved å ta av bork og eventuelt skjere litt inn i sjølve veden. Smådyr som det er vanleg å finne i desse tilfella, er biller, billelarver, skolopendrar og skrukketroll.

Sålding

Sålding er ein metode vi bruker til å samle inn dyr som er lite aktive, og som vi finn i strøfall, mose, gammalt lauv etc. Såldet er utforma som ein sylindrisk pose med ei nettrist plassert om lag midt i posen. På utsida av posen er det to handtak, eitt som er fest til nettingrista, og eitt i øvre kant av posen. Det innsamla materialet legg vi på rista, og ved hjelp av handtaka kan materialet ristast slik at smådyr fell gjennom og ned i såldposen. Dette innhaldet kan vi tømme på ein kvit duk slik at innhaldet blir meir synleg.

Utdriving (førnetrekt)

FørnetrektFørnetrekt.Ein annan måte som ofte blir brukt til å drive ut inaktive dyr som   vi finn i strøfall og jord, er ved hjelp av lys. Då legg vi materialet på ei rist som er plassert i ei trekt som fører ned i eit glas med konserveringsvæske. Over materialet plasserer vi ei lampe, og når denne lyser, vil etter kvart dyra trekkje nedover og vekk frå lyset, inntil dei fell gjennom nettingen og ned i glaset med konserveringsvæske. Denne forma for utdriving kombinerer vi ofte med sålding ved at vi legg materialet frå såldposen i denne trekta, som så blir utsett for lys.

Håvar

Håvar er gode å ha når vi skal ut å samle mindre dyr, både dei som flyg, og dei som er i vegetasjonen. Det er to typar håvar som er vanleg å bruke, nemleg sommarfuglhåv og slaghåv. Desse to typane er forskjellige i utforming og blir brukte på ulike måtar. Men dersom vi berre skal ha med éin håvtype, er det lurast å velje ein slaghåv.

  

Feller

Feller eignar seg godt til å fange aktive insekt. Det finst mange typar feller, nokre som eignar seg til å fange aktive smådyr på bakken, og andre for å fange dei som flyg i lufta.

 

Relatert innhald

Fagstoff

Generelt