Fagstoff

Eksempel på feltarbeid i fleire miljø

Publisert: 04.07.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Ruteanalyse

Vi kan kartleggje heile økosystem og sjå på samanhengar (variasjon og tilpassingar), eller vi kan studere enkeltprosessar og artar i ulike biotopar.

Tre personer i båt.Garnsetjing til prøvefiske ein tidleg morgon.   

 

Jente som jobber med vannanalyse.Konsentrasjonsarbeid i leteltet.   

 

 

Tte personer som jobber i elva.Bonitering av elv.  

 

 

Spor i snø vist saman med skjematisk spor av jerv.Spor frå jerv – artsbestemte og redigerte på mobiltelefonen. 

 

 

To personer som går på en høstfarget myr.På vei til hytta etter ein lang og fin dag i felten. 

Innsjø

Viss ein vel innsjø som ekskursjonsområde, kan det òg vere naturleg å studere vegetasjonen og jordsmonnet i terrenget rundt vatnet. Det vil gi ei heilskapsforståing og eit godt grunnlag for å tolke dei abiotiske forholda som organismane i vatnet er tilpassa.

Fjøre

Her er det naturleg å studere ulike biotopar i strandsona på land i tillegg til livet i vatnet. Kva fellestrekk og tilpassingar finn vi hos plantar som kan vekse på ei strandeng, eller hos dyr som lever med bølgjeslag og varierande vasstand?

Fjell

Biotopar som rabb, myr, snøleie, lynghei og fjellbjørkeskog byr på tøffe miljøfaktorar som krev god tilpassing frå dei organismane som lever der. I dette sårbare økosystemet kan ein studere tilpassingar hos enkelte organismar og sjå korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar.

Elv

Livet i elva er påverka av nedbør og avrenning frå heile nedslagsfeltet. Organismar som lever i elva, må derfor tole stadige variasjonar i vasstand, straum, næringstilgang og temperatur. Laks, aure og elvemusling er eksempel på organismar som har ulike preferansar og tilpassingar til substratstorleik, straum og vassdjupn. Livssyklusar og vandringar mellom ulike biotopar er òg interessant for hovudområdet ”Funksjon og tilpassing”.

Skog

Ved å samanlikne bygningstrekk og tilpassingar hos artar i lauvskog, granskog og på hogstflater får ein innsikt i den variasjonen som finst i ulike habitat og nisjar. Metodar som ruteanalyse og linjeanalyse kan brukast til å talfeste førekomstar i dei ulike miljøa. Ved å følgje det same området haust, vinter og vår kan ein sjå fleire typar av tilpassingar og registrere korleis artsutvalet varierer med årstida i same område.

Myr

Mykje vatn, låg temperatur, låg pH-verdi og mangel på oksygen stiller spesielle krav til artar som skal vekse på myra. Torvmosen som skil ut sphagnan (er bakteriedrepande), har evne til å halde på vatn, er konserverande og har torvbyggjande eigenskapar, er verdt eit studium. Ein kan finne kjøttetande plantar som er tilpassa næringsfattige forhold, og plantar med luftstenglar som toler å stå i vatn. Tuer og høljer har svært ulikt artsutval. Ved å samanlikne desse (gjerne med rute- eller linjeanalyse) kan ein sjå korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar.

Oppgåver

Praktisk stoff

Relatert innhald

Fagstoff