Fagstoff

Planlegging av feltarbeid

Publisert: 04.07.2011, Oppdatert: 04.08.2017
Planlegging av feltarbeid.

Alle vi som har biologi som fag, lærar som elevar, får ein rask, spennande og intens start på skuleåret. Det er mykje som må førebuast rett før vi skal ut på feltarbeid, men ein del av førebuingane må vi gjere fleire månader på førehand.

Eksempel på feltundersøkingar som krev at du har søkt om løyve i god tid før feltarbeidet, og at du får innvilga løyvet:

 

Lemen. Foto.For å drive fangst av smågnagarar må vi søkje om fellingsløyve i god tid. 

To som sitter i båt og trekker garn.For å drive med prøvefiske med garnsett må du ha løyve frå grunneigarane. 

Tre personer som står i elva.Viss du ønskjer å gjennomføre prøvefiske (eventuelt med elapparat) som ein del av kartlegginga i ei elv, må du ha løyve frå grunneigarar og samarbeide med forvaltningsorganet for dette (miljøvernavdelinga til fylket).

Tidfesting

Dagane som skal brukast til feltarbeid, må som regel tidfestast og plasserast i skuleruta i god tid før ekskursjonen viss ein skal vere sikker på å få ønskt tidspunkt.

Haust eller vår?

For store delar av landet hastar det med å komme ut på feltarbeid om hausten – før plantar visnar, trekkfuglar dreg, og insekt finn overvintringsformene. Enkelte stader i landet med tidleg vår kan mai òg vere ei fin tid for feltarbeid. Dette kan likevel vere vanskeleg viss elevar frå både Vg2 og Vg3 går i same biologiklasse.

Ein fordel med å leggje feltarbeidet til våren er at ein får god tid til førebuingar og kan jobbe meir effektivt og målretta når ein er ute. Ulempa med vårekskursjon er at ein ikkje får nytte av erfaringar og materialet gjennom skuleåret.

Tal på dagar?

Læreplanen seier ikkje noko bestemt om kor mykje tid ein skal bruke på feltarbeidet, men kompetansemåla som er knytte til feltarbeid i BI1, er så omfattande at dei neppe kan oppnåast på mindre enn to heile dagar. Somme bruker to dagar i BI1 for å prioritere ein lengre tur i BI2. Mens somme reiser på fleire dagsturar til ulike biotopar, vel andre å overnatte og bruke fleire dagar i det same området. For skular som ligg nært eit eigna naturområde, kan feltarbeidet skje i fleire kortare økter over lengre tid og kanskje gjennom fleire årstider.

Ekskursjonsområde – val av naturtype

Valet er i stor grad avgrensa av kor tilgjengeleg ekskursjonsområdet er, årstid og økonomi (reise/overnatting). Eit av kompetansemåla krev ”artar frå ulike biotopar”, men sidan vi kan finne fleire biotopar i eitt naturområde (for eksempel rabb, myr og snøleie i fjellet), er ikkje dette bestemmande for valet av område.

Som nemnt tidlegare hastar det med å komme ut om hausten mens det enno er mykje liv, men viss ein vel eit ekskursjonsområde som ligg nært skulen, kan ein fordele feltarbeidet over lengre tid og gjerne over fleire årstider. Vinterekskursjonar kan gjennomførast i ein lengre periode, men nysnø er ein fordel når ein skal sjå etter spor og sporteikn.

Relatert innhald

Fagstoff