Fagstoff

Feltarbeid

Publisert: 04.07.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Fugleobservasjoner ved hjelp av teleskop.

Under feltarbeidet får vi brukt biologiske arbeidsmetodar og tileigna oss mykje kunnskap gjennom praktisk arbeid. Erfaringar, registreringar og materiell som blir samla under haustekskursjonen, gir verdifullt grunnlag for vidare arbeid gjennom skuleåret. Mange opplever ekskursjonen som fagleg motiverande og sosialt samlande – ein fin, intens og engasjerande start på skuleåret!

Lærer i feltutstyr med tenkebobler.Planlegging av feltarbeid.  

 

 

Mange spiser middag ved langbord.Overnatting med sjølvhushald er positivt for teambygging og samarbeid. Kveldane kan brukast til både faglege og sosiale aktivitetar.   

 

 

To jenter se i stereolupe.Medbringa lommelykt og stereolupe gjer det mogleg å studere smådyr og plankton mens prøvane enno er ferske, sjølv når ein overnattar i ei hytte utan elektrisitet.   

 

 

Kalesjetelt på ei myr.Eit leirtelt kan vere godt å ha både for utstyr, oppslagsverk og folk. Det hender nemleg at vi får krevjande vêr under feltarbeidet.   

 

 

Tre jenter med regnklær sitter i lynget.Vegetasjonskartlegging.  

 

 

To feltarbeidere måler og registrerer fisk.Registrering av lakseyngel.  

 

 

En ungdom ser i et mikroskop.Etterarbeid på laboratoriet. Her er det planktontrekk og mudderprøvar som blir studerte.   

 

 

To jenter ved labbenken. Foto.Jordprøvar blir analyserte etter feltarbeid   

Planlegging

Alle som har biologi som fag, anten du er lærar eller elev, får ein rask, spennande og intens start på skuleåret. Det er mykje som må førebuast rett før vi skal ut på feltarbeid, men ein del av førebuingane må gjerast fleire månader på førehand.

Kva vil du undersøkje?

Jente som blar i en flora.Det er ofte bruk for oppslagsverk og nøkler til artsbestemming. Det er ofte bruk for oppslagsverk og nøklar til artsbestemming. Sentralt for feltarbeidet i biologi 1 er artskunnskap og systematikk. Vi skal bruke biologiske arbeidsmetodar til å samle inn og kartleggje organismar. Desse skal vi samanlikne og artsbestemme ved hjelp av kunnskapar frå systematikken. Gjennom året kan dei erfaringane som vi får om tilpassingar og variasjon i ulike biotopar, og det materiellet og dei dataa som blir samla inn under feltarbeidet om hausten, gi nyttig inspirasjon og knytast til mange delar av læreplanen.

Vi kan kartleggje heile økosystem og sjå på samanhengar (variasjon og tilpassingar), eller vi kan studere enkeltprosessar og artar i ulike biotopar.

 

Typar undersøkingar og organisering

Uansett kva for ekskursjonsområde vi vel, er det mange undersøkingar og kartleggingar som kan gjerast. Det er positivt både for motivasjon og forståing om dei som skal gjennomføre undersøkingane, får vere med å prioritere. Alle treng ikkje å gjere det same. Somme av undersøkingane kan fordelast mellom grupper som i etterkant deler erfaringane sine og rapporten sin med alle. Når fysiske målingar, registreringar eller kartlegging er tidkrevjande eller krev at ein lærer seg prosedyrar og bruk av utstyr, kan det vere nødvendig å fordele ansvarsområde. Samtidig må det avtalast korleis kunnskap og erfaringar skal delast i etterkant.

Rapportar

  • To jenter noterer i felten.Nøyaktige notat gir grunnlag til ein god rapport. Ein felles: Grupper har eigne ansvarsområde og leverer bidraga sine som til saman utgjer ein fullstendig rapport.
    Samskrive.ndla.no i verktøyfana gjer det enkelt for fleire å samarbeide om å skrive ein rapport.
  • Grupper: Kvar gruppe leverer fullstendig rapport.
  • Enkeltvis: Alle leverer ein individuell, komplett rapport.

Form på rapporten

Omfang, form og innhald i rapporten må avtalast før feltarbeidet tek til. Dette er viktig for at alle skal vere bevisste ansvarsområda sine og verdien av nøyaktige notat frå feltarbeidet.

Førebuingar og etterarbeid

  • Når ekskursjonsområdet er valt og tidsramma er klar, kan tidsskjema for dei ulike aktivitetane setjast opp.
  • Ansvarsfordeling: utstyr og målemetodar/undersøkingar
  • Utstyr: klargjering og kalibrering av utstyr
  • Lære bruk av utstyr og oppslagsverk (innføring i systematikk)
  • Rapportskriving: avtale korleis resultat og vurderingar skal dokumenterast og presenterast
  • Kart med fargekoder for bonitet.  Kart: Forstudiar av ekskursjonsområdet på digitale kart kan gi mykje nyttig informasjon om bonitet, høgd over havet, helling, berggrunn, avrenning, påverknader med meir. I etterkant kan vi leggje inn informasjon som blei funnen under feltarbeidet, og leggje kart inn i rapporten som ein del av dokumentasjonen. Bilete som blir tekne med mobiltelefonen, kan geotaggast.
  • Overnatting, mat og transport
  • Objektsamling er ikkje lenger eit krav i læreplanen, men vi skal tileigne oss kunnskap om artar frå ulike habitat og kunne klassifisering. Å jobbe med ei objektsamling i samband med ekskursjonen kan derfor vere ein nyttig arbeidsmetode for å oppnå desse kompetansemåla.
  • Etterarbeid: Jordprøvar, planktontrekk, plantar, insekt med meir kan vi studere vidare og klassifisere etter at vi har komme tilbake til skulen. Rapportskriving, presentasjonar og objektsamling er òg ein del av det etterarbeidet som følgjer med ein ekskursjon.
Oppgåver