Hopp til innhald

Fagstoff

Slå leir

Leirplassen skal du velje med omhug. Det er betre å bruke ein times tid på å finne den rette plassen enn å ergre deg over eit dårleg val i etterkant.

Teltplassen bør ha:

  • tørr og jamn bakke som gir godt feste for teltpluggane
  • le for vinden
  • lett tilgang til vatn
  • lett tilgang til brensel

Er de eit stort følgje, er det klokt å tenkje gjennom og planleggje leiren på førehand. Kvar finn vi vatn? Kvar er det nok plass til telta? Kvar og korleis organiserer vi kokestad, staden der vi et, oppvask, kroppsvask og latrine?

Les meir

Sjå for deg korleis plassen vil sjå ut etter ein dag med sprutregn. Er dette eigentleg ein god plass? Stader med frodig og eirgrønt, høgt gras og lett fuktig mold blir fort til ein gjørmepytt viss vêret slår om. I stor skog held regnvêret fram lenge etter at skuren har passert fordi det er mykje vatn som skal drype frå barnåler og lauv. Maurtuer er flotte å sjå på, men ligg dei for nære teltet, kan matvarer og soveposar fort få fleire gjester enn du set pris på. Om hausten er frostrøyken kaldare og rimet tjukkare langs vatn og elvar enn litt opp i dalsida. I opne område, langs vatn, på fjellet eller ved kysten er det triveleg med ein plass med god utsikt, men tenk òg på at vinden får godt tak på slike plassar. Det er ikkje lett å få sove når vinden røskar og ristar i teltet. Teltplassen bør liggje i le for den retninga vinden blæs mest frå, ha vakker utsikt, gjerne med morgonsol og ikkje for langt til godt vatn. Krev at teltplassen skal vere heilt flat og fri for steinar, stubbar og tuer. Om du ikkje klarer å kvile og sove godt, mister friluftslivet fort sin sjarm. Dei fleste telta tek frå to til ti minutt å reise, så unn deg derfor ein halv time til å grave teltplassen heilt flat og jamn. Ligg teltet på lett fuktig grasbakke, kan det òg lønne seg å grave ei grøft rundt teltet som leier vekk eventuelt regnvatn. Å gjere det først når uvêret har starta, er ei sur oppleving.

Spør grunneigaren

All utmark i Noreg er ått av nokon, anten staten, eit sameige eller ein privat grunneigar. Friluftsliv er ein fritidssyssel for ein stor del av oss. Skal du tilbringe meir enn ei natt eller to i same område, bør du varsle grunneigaren på førehand. I mange strok er det særskilte føresegner om hogging av både bar og kvist. Viss du ikkje har fått løyve på førehand, kan du risikere store erstatningssøksmål. Skog representerer i dag store verdiar. Grunneigarar er særleg engstelege for skadar på felt med nyplanting, plantefelt og ungskog. Hald deg derfor alltid unna slike område. På dyrka mark og i plantefelt er det ikkje fri ferdsel heile året. Respekter at det finst andre brukarinteresser enn friluftsliv.

Kan vatnet drikkast?

Utan godt vatn klarer vi oss ikkje. Mange utlendingar gjer store auge når dei ser at vi utan vidare kan gå bort til ein bekk eller innsjø og drikke og lage mat av vatnet. Vel ein leirplass rimeleg nær ei god vasskjelde. Som hovudregel kan vi seie at alt rennande, kaldt vatn er drikkande. Vatnet bør vere klart, utan bismak, lukt og grums. Bekker som renn forbi gardar, bustader og busetnad, skal du generelt vere forsiktig med. Stilleståande og varmt vatn kan innehalde bakteriar. Ver derfor nøye med val av vasskjelde.

Kokestaden

Tenk praktisk når du vel kokestad. La det vere plass nok til å koke både hovudrett, suppe og velling til frukost. Vellinga kan du helle på ein termos eller setje i ein høykasse for å koke ferdig. Om morgonen er det berre å varme han opp, så er han ferdig. Ordne deg praktisk med vatn, ein stad til å ete og plass for oppvask. Legg vekt på at det er le der du koker. Berre eit lite drag i lufta stel mykje varme både frå eit bål og ein primus.

Oppbevaring av mat

Staden der de et, ligg like ved kokestaden. Blir leiren brukt fleire dagar, er det inga sak å få sett opp både krakkar, stolar og bord. Hyller og stativ til koke på og bestikk høyrer òg med. Matvarene oppbevarer de på same måte som heime. Ting som krev kjøleskap, plasserer du i ein jordkjellar eller i rennande vatn. Jordkjellaren er ei grøft i litt fuktig jord på ein skuggefull plass. Grøfta dekkjer de med stokkar og eit tjukt lag jord og stein. Ei tett luke eller dør er nødvendig. Du kan òg pakke inn matvarene i ei våt skjorte, i ein sekk eller i eit teppe og plassere dei under ein stein eller ein annan stad der skuggen er god. Flasker kan du fortøye i ein bekk.

Latrine

Bur de meir enn ei natt på ein stad, er ordna sanitærforhold heilt nødvendig. Grav ei djup grop, legg torv, jord og mose ved sida av. Med ei sitjegrein eller ei sitjeplate over hòlet i tillegg til ein pinne for toalettpapir ved sida av, har de ein ekte einseters utedass.

Les meir

For å unngå lukt og fluger kastar de litt jord og torv over etter kvar bruk. Legg latrinen eit stykke vekk frå leiren, og pass på at vêrdraget står vekk. Husk å plassere utedassen slik at han ikkje forureinar drikkevatnet. Det kan vere nødvendig å grave eit nytt hòl etter nokre dagar når det gamle er blitt fullt. I nærleiken av latrinen bør det stå vaskefat, såpe, ein vassdunk og eit handklede.

Hald orden

Sjølv om du er på ferie, trivst dei færraste på ein rotete, skiten og lite innbydande plass. Det er mykje tid spart ved å halde kontroll på utstyret. Er det reint og ordentleg i leiren, blir det òg triveleg. De sparer mykje tid på å sleppe å leite om alle passar på å ha sakene sine i sekken, eller hengde på faste plassar, når tinga ikkje er i bruk. Bli einig med dei andre i leiren om ein fast leirorden.

Rydd opp etter deg

Dei mest populære friluftsareala blir nytta av mange menneske i løpet av eit år. Sørg for å rydde skikkeleg opp etter dykk. Det skal ikkje vere nokon synlege merke eller spor som viser at det har budd folk her. Absolutt alt avfall som ikkje brenn fullstendig opp, skal takast med heim. Ikkje la det liggje igjen utbrende hermetikkboksar og glasbitar på bålplassen. Sørg for at leirområdet ser minst like innbydande ut når de dreg som då de kom. Friluftsliv er å vise omsyn, både til naturen og andre brukarar – sporlaus ferdsel er eit naturleg mål. Vi er alle glade for å få lov til å ferdast i urørt og frodig natur. Det gjeld å verne han både mot slitasje og forsøpling, slik at barna våre òg kan få oppleve urørt natur.

Teltet

telt ved vannet

Teltet er heimen din på tur. Bli kjent med det i god tid før du dreg, både for å få erfaring i å bruke det, og for å kontrollere at alle stengene, bardunane og pluggane er til stades – og ikkje minst for å oppdage lause hemper eller rifter i duken.

Les meir

Tenk gjennom korleis du lettast pakkar og reiser teltet i vind, og korleis du kan få det opp i ein fei om du blir overraska av kraftig regnvêr. Det finst mange typar telt i forskjellige prisklassar til forskjellig bruk. Før du kjøper telt, bør du tenkje gjennom under kva for forhold du skal bruke det: sommar, vinter eller begge delar? Eit sommartelt kostar mindre, er lettare og tek mindre plass enn eit heilårstelt. Vi skil mellom sommartelt, 3-sesongarstelt og heilårstelt. Skal du bere teltet på ryggen, eller har du tilgang på annan transport? Er de mange som ofte ferdast saman, skal de likevel tenkje på at det er lettare å finne teltplass til to små telt enn til eitt stort. Du kan rekne 0,65 gongar 2 meter som soveplass for kvar enkelt bebuar i teltet. På turar som varer meir enn ei veke, bør kvar person eller kvart par ha sitt eige telt. Det er tøft psykisk å leve tett på andre dag etter dag, utan noka moglegheit til å kunne trekkje seg tilbake og vere seg sjølv, å vere heilt i fred, slik vi gjerne kan til dagleg.

Presenningen

Den enklaste bivuakken er ein tjukk, gjennomsiktig plastpresenning på tre gongar fire meter og nokre meter tau eller hyssing. Med greiner, stein, bergvegger og framspring lagar du deg på denne måten alle typar telt. Lag eit skjelett av greiner eller stokkar, og trekk presenningen over. Dermed har du eit rimeleg telt.

Les meir

Lag reisverket slik at fuktig luft kan komme ut, elles begynner det berre å drype frå taket. Presenningsteltet er billeg og enkelt, men ver merksam på kondensproblemet. Legg særleg vekt på at teltet er så høgt at det ikkje kjem i kontakt med soveposen. Elles blir ikkje vassdampen effektivt leidd vekk, men blir igjen inne i posen og gjer tilvera klam. I butikkane får du kjøpt ferdige bivuakkdukar. Den vanlegaste i Noreg er Fjellduken. Du kan òg kjøpe ferdig nylonduk og sy på hemper, maljer, borrelås eller glidelås slik du synest er best. Ein fin bivuakkduk er tre gongar fire eller tre gongar tre meter. Det er berre fantasien som set grenser for kva han kan brukast til. I tillegg til telt kan du lage basseng for vask eller oppbevaring av levande fisk, båt for kryssing av vassdrag, poncho, vindsekk, reflektorskjerm, underlag for slakting og transport av vilt og mykje meir.

Lavvo

lavvo ve vannet
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lavvo er samane sin sommarbustad som dei bruker når dei følgjer vandringa til reinflokken. Lavvoen er eit pyramideforma telt som liknar indianarane sine tipiar. Han består av eit skjelett av rajer eller tre/ aluminiumstenger som det er trekt bomullsduk eller presenning over. Inne i lavvoen lagar du bål eller bruker ein vedomn. Golvet er gjerne kledd med tørka reinskinn.

Om sommaren held røyken frå bålet myggen unna, og om vinteren fyrer ein i teltet til ein varm og god bustad. Klede kan tørkast på snorer i teltet, og kjøtt kan hengjast til røyking i taket. Lavvoen kan du lett lage sjølv av presenning eller bomullsduk, men dei blir òg leverte ferdige. Ulempa med lavvoen er vekta dersom du må frakte med deg rajene/stengene og teltduken på ryggen. Ein lavvo er ei fin ramme rundt sosialt samvære når vêret ikkje er særleg gjestmildt.

Gapahuken og barhytta

Det finst mange modellar av gapahukar, men dei fleste består av ein skråvegg som du ligg under. I botnen av bustaden er det eit tjukt lag av granbar som du ligg på. Framom inngangen skal det vere eit skikkeleg bål, og på den andre sida av gapahuken kan det gjerne vere ein vegg av granbar som reflekterer strålingsvarmen frå bålet inn i gapahuken. For å sleppe unna erstatningskrav frå grunneigaren er det lurt å spørje om lov på førehand. Du kan òg lage gapahuk ved å lage eit flettverk av lauvverk som du kler med ein presenning

Steinhytta

Har du god tid, ein sterk rygg og er i eit fjellområde med skiferheller eller annan flat stein, kan du i løpet av ein god dag lage eit lite krypinn. Den beste løysinga er gjerne å finne ein stor stein eller eit framspring i ein bergvegg som kan tene som tak, og så byggje opp veggene på sidene med stein. Dersom du legg arbeid i å tette alle sprekkane i muren med mose og kler golvet med ris, bar eller lyng, kan steinhytta bli eit lunt husvære. På fjellet finn du ofte gamle torvtekte steinbuer som har stått i mange hundre år, og som framleis blir nytta flittig som krypinn for slitne og kaffitørste jegerar, fiskarar og vandringsmenn.

Improviserte bivuakkar

Av og til kan ein feilrekne tida og bli så forseinka at det er enklast å overnatte der du er. Med ein kniv og ein lighter eller fyrstikker treng du ikkje lide naud sjølv på seine haustkveldar, utan sovepose eller anna bivuakkutstyr. Finn ein lun, tørr og trekkfri plass. Samle rikeleg med ved og bork til eit leie. Gjer opp eit lite bål, og sørg for nok ved til at det varer natta ut. Bak deg kan du lage ein reflektorskjerm viss du ikkje har ein stein eller ein fjellvegg. Framom deg har du bålet og bak bålet ein reflektor som òg reflekterer varmen mot deg. Viss du vil sove ved sida av bålet utan sovepose, er den beste stillinga å liggje i fosterstilling med korsryggen nærast bålet.

Senga

Ligg du ikkje godt, søv du heller ikkje godt. Dei sjølvoppblåsande skumgummifylde luftmadrassane er det mjukaste og mest behagelege underlaget du kan få i butikkane. Nokre lag med tørka reinskinn er heller ikkje å forakte. Legg litt arbeid i å reie skikkeleg. Ligg du på ein kald og rå bakke, formeleg ber du om ubehag både på kort og lang sikt. Med litt tørr mose, tørt gras, strå eller høy under underlaget du har teke med, kan du sove like godt ute i sovepose som heime.

Vi fyrer opp

Dei fleste telt kan du med litt varsemd fyre opp til 20–30 varmegradar uansett om det er 30 eller 40 kuldegradar ute. Du kan tørke klede og slappe av i nettoen, uansett kor kaldt det er utanfor. Som varmekjelde bruker du propanapparat eller parafinprimus. Apparat som bruker reinsa bensin, gir frå seg giftig gass. Brannfaren er dessutan òg for stor. Apparat som bruker raudsprit, luktar sterkt. Propanapparatet verkar berre ved temperaturar over null gradar.

Les meir

Ved fyring i telt er det nokre forholdsreglar det er smart å leve etter: 1. Blir du trøytt i varmen frå primusen og kjenner at du held på å sovne, må du sløkkje primusen og krype ned i soveposen. Å sovne frå ein brennande primus eller eit kokeapparat har skapt altfor mange tragiske ulykker. 2. All opptenning av kokeapparat bør skje ute. Om vêret er for dårleg, kan du opne glidelåsen og tenne opp med opninga oppe. Under oppvarming av parafinprimusen blir det mykje os som kan gi hovudverk. Når parafingassen blir tend, kan flammen bli over ein halv meter høg, dersom brennaren ikkje er tilstrekkeleg forvarma. Ver særleg merksam på lekkasje frå gasskokeapparat. Er det gass i teltet frå før, og du tenner ei fyrstikk, kan resultatet bli grufulle forbrenningar. 3. Alle kokeapparat produserer den giftige gassen karbonmonoksid, CO. Denne gassen har verken farge, lukt eller smak og vil under normale forhold luftast ut gjennom ventilasjonssystemet i teltet. Når du smelter snø og is eller varmar opp kalde ting, blir det produsert særleg mykje av denne gassen. Likeins vil det bli mykje slik gass viss brennaren på kokeapparatet fungerer dårleg. Om vinteren grev vi gjerne ned teltet med snø rundt botnen, slik at luftgjennomstrøyminga blir lita og risikoen for forgifting aukar. Sørg derfor alltid for god ventilasjon ved bruk av kokeapparat i små fjelltelt. 4. Det er lett å bli trøytt i den gode varmen i teltet og sovne. Mange har blitt skadde eller drepne fordi dei har sovna frå kokeapparatet. Kokeapparatet kan slokne slik at teltet på kort tid blir fylt med farleg gass. 5. Når du halvvaken forsøkjer å tenne på apparatet igjen fordi teltet er blitt kaldt, eksploderer teltet. Kokeapparatet kan òg velte slik at teltet eller noko brennbart blir tent, det kan då berre vere snakk om sekundar før teltet er overtent.

Kokeapparat

Det er raskare, enklare og meir rasjonelt å koke med kokeapparata framfor å koke mat over bål. Du slepp dessutan alt arbeidet med å sanke ved, noko som kan vere mangelvare i populære turområde. For turbruk finst apparat som bruker propangass, raudsprit, parafin og bensin.

Propan

Propangass er det enklaste og lettaste å bruke. Det finst både apparat som bruker eingongsboksar, og større flasker som kan etterfyllast. Propangassapparat har to ulemper: eksplosjonsfaren og låge temperaturar.

Les meir

Ver sikker på at du skrur igjen gassflaska etter bruk. Det er blitt altfor mange grufulle brannskadar på grunn av slurvete eller ukunnig bruk. Ved låge temperaturar blir ikkje trykket i gassflaska stort nok, og apparatet verkar ikkje. Kokeapparat som går på raudsprit, er enkle i bruk og har lita vekt og lite volum. Ulempa er at dei oser, slik at dei ikkje kan brukast til oppvarming av telt, og at raudspritforbruket er stort. På lengre turar eller når det skal kokast mykje, er propan- eller parafinapparat å føretrekkje. Til vanleg turbruk med lengd på opptil ei veke er derimot raudspritapparata eller stormkjøkkenet det mest populære alternativet.

Parafin

Når han blir brukt riktig, er parafinprimusen ein svært triveleg turkamerat. Primusen krev samvitsfull oppvarming av brennaren med raudsprit for å setje i gang prosessen der parafin blir forvandla til gass som kan brennast i brennaren. Dersom primusen ikkje er tilstrekkeleg varma opp på førehand, vil han sende opp ein stor, gul og illeluktande flamme. Primusen må derfor alltid fyrast opp ute i friluft. Er det litt trekk, bør han varmast opp to eller tre gonger på førehand før han blir tend.

Bensinprimuser

Såkalla multifuel kokeapparat er blitt vanlege. Det er kokeapparat som kan bruke både bensin og parafin som brennstoff, i tillegg til nokre andre typar. Ver merksam på at du må skifte dyse i brennaren, avhengig av kva for ein type brennstoff du bruker. Bensin har høgare varmeverdi enn parafin, men apparata produserer gass og er svært brannfarlege, slik at dei ikkje er eigna til å varme opp telt med. Då er vel mykje av vitsen borte?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Jan Bolle og Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Friluftsaktivitetar – planlegging og gjennomføring