Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Gruppeoppgåve: matkulturar

Vi kan lære mykje om andre menneske, land og kulturar gjennom å sjå på kva dei et.
Fire unge menneske et middag på restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Kva er ein matkultur?
Kva ulike matkulturar kan du finne her i Noreg?

Oppgåve 2

Del klassen i fire grupper. Kvar gruppe trekkjer kva matkultur av Frankrike, Storbritannia, Italia eller Spania de skal utforske. Finn

  • korte fakta om landet
  • spesielle råvarer som blir dyrka
  • tradisjonelle matrettar

Oppgåve 3

Finn fram til tre ulike rettar frå det landet de har trekt, finn oppskrifter og lag rettane på kjøkkenet. Gruppa presenterer oppgåva munnleg før de smaker på rettane.

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal matkultur