Fagstoff

Forsøk

Publisert: 28.06.2011, Oppdatert: 07.08.2017
Disseksjon i biologirommet

Det finst mange ulike måtar å arbeide praktisk på i biologi. Både styrte og opne forsøk er ein viktig del av faget. I styrte forsøk får du gitt opp detaljert kva som skal gjerast, mens det i opne forsøk kan vere mogleg å bruke ulike metodar for å finne svar eller løysingar på eit definert problem. I disseksjonar utforskar du korleis organismar er bygde opp, og kjem i nærkontakt med anatomien til organismane. I datasimuleringar forsøkjer du å lage ein modell av verkelegheita.

Bilde av hjerte med tekst og piler til ulike deler.Eit forsøk kan gå ut på å gjere seg kjent med eit grisehjarte. 

This node does not support insertion type lightbox_custom 

To elever arbeider med et mikroskop.Arbeid med mikroskop i biologilaboratoriet. 

Sei med noe av siden skåret vekk.Sei under disseksjon. 

Gutt som blåser opp et lungeslag.Lungeslag frå gris under utforsking. 

Kjemikalier i flasker og reagensrør. Foto.Utstyr til forsøk. 

Styrte forsøk

Styrte forsøk er forsøk der du får gitt opp detaljert kva som skal gjerast, anten frå læraren eller i læreboka. Det er nødvendig å setje seg grundig inn i framgangsmåten før forsøket startar. Forsøka er som regel strukturerte etter den vitskaplege arbeidsmetoden .

Selv om metoden er fastlagd på førehand, vil det ofte vere nødvendig for deg å lage hypotesar. Dette må du gjere før forsøket startar. Det er òg viktig å vite nøyaktig korleis resultata skal registrerast og lagrast slik at dei kan tolkast seinare. På grunnlag av resultata skal du så forsøkje å trekkje ein konklusjon der hypotesane blir falsifiserte eller verifiserte. Kanskje må du gjennomføre fleire eller utvida eksperiment for å kunne konkludere? Styrte forsøk blir vanlegvis publiserte i ein rapport.

Opne forsøk

Opne forsøk er forsøk der det kan vere mogleg å bruke ulike metodar for å finne svar eller løysingar på eit definert problem. Den vitskaplege arbeidsmetoden er utgangspunktet for arbeidsgangen. Opne forsøk kan nokre gonger vere korte og la seg gjennomføre på ein skoletime, mens andre gonger kan dei krevje observasjonar over lang tid.

I opne forsøk er det du som elev som skal setje opp hypotesar der du føreseier kva løysinga på problemet er. Deretter skal du planleggje og gjennomføre forsøk eller observasjonar for å sjekke om føreseiingane (hypotesane) stemmer. Det er viktig å lage ei nøyaktig, men likevel lett forståeleg metodebeskriving. Forsøka eller observasjonane må seinare kunne gjerast og etterprøvast av andre. Resultata blir brukte til å styrkje eller til å svekkje hypotesen og må registrerast slik at dei kan tolkast og lagrast. Akkurat som for styrte forsøk skal du til slutt forsøkje å trekkje ein konklusjon og publisere resultata i ein rapport.

Disseksjonar

Disseksjonar synest mange er spennande. Her undersøkjer vi i detalj korleis organismar eller delar av organismar er bygde opp, og vi ser på delar av organismane vi vanlegvis ikkje kjem i kontakt med. Vi kan for eksempel dissekere eit grisehjarte, eit blåskjel eller eit krepsdyr slik som ei reke. Under alle omstende er det nødvendig å planleggje disseksjonane nøye og vere godt førebudd, og mange gonger tek disseksjonane meir tid enn for eksempel eit styrt forsøk. Under arbeidet er det viktig å dokumentere det du ser, gjennom notat, teikningar og fotografi. Slik som for andre forsøk er det vanleg at disseksjonen endar opp med ein beskrivande rapport.

Datasimuleringar

Skjermbilde fra en animasjon.Sjå relasjon til eit styrt forsøk om pepsin og eggekvite.Datasimuleringar er på mange måtar det same som å lage modellar av verkelegheita. Eit dataspel er ei simulering laga for å gi underhaldning. Andre simuleringar er laga for å produsere ting, lære seg noko eller overvake ein prosess. Grensene mellom dei forskjellige typane blir meir og meir utviska, mange hevdar for eksempel at læring i framtida i stor grad vil skje ved hjelp av spel.